Kultur | 22. juni 2017

Vil festa meir med osingane

– Stig om bord om du er klar for fest, seier Bergheim, som set opp båt frå Os til Vinnesfestival.

Vil festa meir med osingane
Rune Bergheim på rutebåtkaien på Os, der han har sett opp båt for å ta osingar til og frå Vinnesfest. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 22. juni 2017 07:48

– Vinnesholmen er liten, samtidig er det god plass. Vi er rigga for rundt 700 gjestar, men kan fint trappa opp bemanninga til å ta imot 1000, seier Rune Bergheim frå Vinnesfestival.

Festivalen over fjorden samlar kvart år 500-600 gjestar, uansett artistar eller vêr.

– Kapasiteten er så god at vi ikkje sel billettar på førehand. Det er alltid litt spennande å sjå korleis festivalen blir, samtidig har det alltid vore bra publikum.

No håper arrangørane på ei opptrapping av kulturutvekslinga mellom dei to kommunane som i 2020 er éin.

– Det er jo gamle tradisjonar i begge kommunane for å reisa over fjorden på fest. Til no har vi sett lite osingar på Vinnesfestival, men det trur eg kan endra seg.

Bergheim vil òg prøva å samstemma meir med arrangement i Os i åra som kjem.

– Tidlegare år har vi kollidert med bryggedansen i Os, i år kjem vi same helg som marknadsdagane. Men det kan kanskje vera bra, om dei vaksne vil ha litt tid for seg sjølv etter nokre dagar på Øyro med familien.

Set opp båt for første gong

Nytt i år, når festivalen blir arrangert for niande gong, er festivalcruise med MS White Lady frå Os til Vinnes, med musikk om bord og retur på natta.

– Vi har selt litt billettar, men båten tar 100 passasjerar, og går lett to turar, så det er berre til å møta opp på kaien på strak arm.

Håvard Skåtun speler om bord. Det vesle cruiset er lagt opp til å ta 45 minutt, men kan gå fortare om båten må gå fleire turar.

Årets artistar

Vinnesfestival startar i dag, med LAN-party i Fusa Samfunnshus. Fredag er det ungdomsdisco på Nesjaheimen og sankthansfeiring på Vinnesholmen, laurdag er det torgdag med gratiskonsert med Eirik Søfteland og ny konsert for vaksne på kveldstid.

Her speler som kjent Eva Weel Skram, Heine Totlant med band, Ine og Emil frå Mighty Magnolias og Eirik Søfteland.

Tidlegare år har blant anna Ausekarane, Twang Gang og Omer Bhatti spelt på festivalen.

Vinnesfestival 2017 blir avslutta med konsert med Gabriel Flitflet og Jorun Marie i bedehuset søndag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.