Lokal | 22. mai 2017

Vil forby heliumsballongar

Nils-Anders Nøttseter (MDG) fekk ikkje støtte då han ville ha forbod mot heliumsballongar inn i politivedtektene.

Vil forby heliumsballongar
Nils-Anders Nøttseter (MDG), i midten, fekk ikkje støtte for å forby heliumballongar gjennom politivedtektene (foto: Andris Hamre)
Andris Hamremandag 22. mai 2017 12:53

I formannskapet førre veke beslutta fleirtalet å leggje oppdaterte politivedtekter for Os kommune ut på høyring med frist 6. juni for å komma med innspel.

Nytt i utkastet er ein ny paragraf 5, som seier det er forbode å tigga på, eller like ved, offentlege stadar i kommunen. Med offentleg stad meinast her òg kjøpesenter, butikkar og forsamlingshus.

Dette blei vedteken mot oposisjonen sine fire røyster, som meinte at endringa var for dårleg formulert og begrunna.

Nei til heliumsballongar

Nils-Anders Nøttseter løfta i tillegg ei dagsaktuell problemstilling på bordet, knytt til feiringa av 17. mai.

– Eg meiner vi treng eit forbod mot sal av heliumsballongar. Dei ender i stor grad opp som boss i naturen, noko som har vore problematiskert i samfunnet den siste tida, etter at kvalen blei funnen på Sotra.

– Det andre argumentet er at helium er ein svært begrensa ressurs på verdsbasis. Dette blir nytta i MR-maskinger og anna teknologi og er ein kritisk ressurs, som vi står i fare for å gå tom for. Difor meiner eg det er rett å ha inn i politivedtektene at det skal vera forbod mot å selgje heliumsballongar i Os kommune, argumenterte Nøttseter som viste til tre andre kommunar som hadde gitt eit slik forbod.

Eit nasjonalt anliggande

Ordførar Marie Bruarøy (H) ville ikkje støtta Nøttseter i å forby sal av heliumsballongane.

– Eg ser poenget ditt i høve helium og knappheiten på dette. Men heliumballongar er på marknaden og det må i så fall vera eit nasjonalt anliggande å skulle forby. Det er ikkje noko vi skal handtere lokalt. Dessuten er ikkje alle ballongar laga av plast, eindel er laga av meir naturlege produkter, i så måte går ballongbransjen foran, poengterte Bruarøy.

– Eg kan vera med på at vi kan trenge ei utgreiing i høve helium før eg kan meine noko meir om dette. Eg har ikkje den same inngåande kunnskapen som ordføraren viser, men eg kan vera samd i at vi bør sjå på heile politiforskrifta under eitt, kommenterte Jon Sivert Rykkel (V) som poengterte at i denne omgangen handla det om at vedtektene skulle sendast ut på høyring.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.