Lokal | 22. mars 2014

Vil forebygge gjennom forvaltning

Lensmannskontoret med på nasjonal satsing. Vil forebyggje mellomanna i trafikken frå skrivebordet.

Vil forebygge gjennom forvaltning
Politiførstebetjent Rune Fimreite (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrelørdag 22. mars 2014 08:01

I Møre og Romsdal og i Troms politidistrikt har dei allereie gjort det i lang tid. I fjor mista 1200 bilførarar kjørekortet, uten å bli stoppa i trafikken.

– Det er inga menneskjerett å ha førarkort eller nokre av dei andre tillatelsane det offentlege gir, seier lensmann Oddbjørn Dyrdal.

Vil bruke forvaltninga

For å få til dømes førarkort, våpenkort, løyve som ordensvakt må du gjennom ei godkjenning frå politi eller anna mynde.

– Fram til no har det gjerne vore slik at har du først fått det, så har du hatt det til du blir tatt for eit lovbrot knytt direkte til løyve.

– Det er ikkje sikkert at du til all tid er skikka til å inneha løyvet, sjølv om du ein gong var det.

– Ein ordensvakt kan mista løyvet sitt om han eller ho er involvert i slosting på essoen tre gongar i løpet av to år.

– Det kan og vera at du i ei periode har eit rusproblem og kjem i kontakt med politiet i den samanhengen.

– Blir du til dømes tatt tre gongen i løpet av to år for beruselse på offentleg stad, kan vi ta førarkortet ditt, forklarar politiførstebetjent Rune Fimreite.

Spesiell fokus på rus

Målet med prosjektet kalla «Forbygging gjennom forvatninga» er å luke ut risikomomenter frå tildømes trafikken.

– Vi vil ha eit spesielt fokus på rus og alkoholproblem.

– Det kan vera lett for at ein person som slit litt med det lar det skura og gå.

– Det å bli tatt berusa på offentleg stad og få ei bot, eller få ei bot for å ha røyka hasj, er kanskje ikkje nok til at vedkommande tar tak.

– Om ein i tillegg mistar førarkortet ,eller køyreseddel om ein er yrkessjåfør, fram til ein kan dokumentera at ein er rusfri, så kan kanskje det vera med til å endra åtferden, trur Fimreite.

– Men korleis skal ein dokumentera det?

– Det vil for eksempel vera gjennom vekentlige prøver hjå fastlege.

Meiner å sjå samanheng

Prosjektet i Møre og Romsdal kor 1200 personar mista førarkortet på denne måten vurderar politiet som vellukka.

– Det er ingen som ønskjer å møte rusa personer i trafikken.

– I Møre og Romsdal meiner ein å sjå ein samanheng mellom prosjektet og hendingar i trafikken.

Reint gjennomføringsmessig handterast sakene etter forvatningslova kor vedkommande får varsel om vedtak på førehand, eit vedtak om inndraging og klageadgang etter lova.

– Sjølve vedtaket byggjer på vegtrafikken sin paragraf 34, 1. ledd som går på helsebiten og 5. ledd som går på rus/vandel, fortel politiførstebetjenten.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.