Lokal | 29. okt. 2014

Vil framleis flytta Strøno-elevar

Budsjett 2015: Store investeringar på Lysekloster skule og ny skule i sentrum, men 5-7. klasse på Strøno barneskule må framleis flytta til Nore Neset.

Vil framleis flytta Strøno-elevar
Strøno kan frå hausten 2015 bli ei skule for elevar i 1. til 4. klasse (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamreonsdag 29. okt. 2014 12:40

I samband med at administrasjonen la fram 1. tertialrapport i mai, skisserte dei ei løysing med å flytta dei eldste elevane ved Strøno barneskule til Nore Neset barneskule for å få budsjetta innan oppvekst og kultur i balanse.

Dette fekk ikkje uventa miljøet rundt Strøno barneskule til å reagera. I formannskapet i juni var politikarane tydeleg på at Strøno barneskule skal bestå, men dei gav samstundes rådmannen grønt lys for å jobba vidare med tankane om å flytte dei eldste elevane.

Vil framleis flytta dei

Tysdag presenterte rådmann Knut Terje Rekve sitt framlegg til budsjett for 2015.

– I budsjettforslaget for 2015 har rådmannen lagt opp til ei innsparing innan skule på kroner 614 000 hausten 2015 og kroner 1 351 000 i dei komande åra ved at dei eldste elevane ved Strøno barneskule flyttar til Nore Neset barneskule frå hausten 2015/16.

– Ved flytting dette skuleåret kan elevane flyttast direkte inn i eksisterande klasser.

– Ved flytting av dei eldste elevane vert Strøno barneskule knytt til Nore Neset barneskule med felles leiing og administrasjon, skriv Rekve i framlegget.

Skulen vil legga ned

I framlegget kjem det òg fram at administrasjonen har vore i dialog med rektor og dei tilsette etter at spørsmålet om å endra drifta ved skulen kom opp i vår.

– Dei ber om at skulen består som 1-7 skule.

– Om ikkje, ber dei om at skkulen vert langt ned, grunngjeve med læringsmiljø, skriv rådmannen.

Aukar med to klasser

Samstundes som rådmannen gjer framlegg om å flytta 5-7 klasse frå Strøno vil han samstundes auke totalt sett med to klasser i skulane i Os.

– For skuleåret 2014/15 er det oppretta 5 nye klassar.

– For skuleåret 2015/16 er det slik elevtalsutviklinga ser ut pr. i dag 2 nye klassar. Dette gir rom for å halde driftsnivået til skulane på dagens nivå.

– Vi ser på dette som avgjerande for å halde stabilitet i drifta og kunne drive utviklingsarbeid som på sikt også vil sikre betre skuleresultat.

Kostnaden for dei nye klassane vil i 2015 utgjera tilsaman vel 2,4 millionar kroner.

Rådmannen vil òg vidareføre den stryka bemanninga med ekstra ressurser på 1. trinnet med 2 millioner kroner.

125 mill til ny skule

I investeringsbudsjettet legg rådmannen opp til å avslutta skulebruksplanen med utbygginga av Lysekloster skule. Kostnaden med dette er berekna til 30 millionar kroner i 2015.

– Sjølv om arbeidet med skulebruksplanen går mot slutten, vil det likevel vera trong for investeringar i skulesektoren i åra som kjem.

– Arbeidet med å finna tomt til ny skule er i gang, og det er lagt inn 125 mill kr til realisering av denne mot slutten av økonomiplanperioden, skriv rådmannen.

I tillegg vil rådmannen bygga nytt gymbygg til Os ungdomsskule (14 mill med henhaldsvis 4 mill i 2016 og 10 mill i 2017).

For å ta høgde for midlertidige løysingar i påvente av ny skule foreslår rådmannen å legga inn 12,5 millionar til kjøp av paviljongar dersom det syner seg at ein treng ekstra kapasitet ved nokre av skulane.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.