Næringsliv | 08. aug. 2016

Vil gje gode råvarer til folket

Skal opna ny butikk i sentrum. – Butikken skal bli som Kleiven møter Fiskelepsøyen, men i 2017-drakt, fortel Silja Døsen Moberg.

Vil gje gode råvarer til folket
Silja Døsen Moberg hadde fått med seg sonen Kristoffer på standen under festivalmarknaden i helga (foto: Andris Hamre)
Andris Hamremandag 08. aug. 2016 06:53

Under festivalmarknaden i Os sentrum i helga dukka det opp fleire nye utstillarar, men òg lansering av ei ny verksemd i Os.

Silja Døsen Moberg lanserte nemleg Osøyro Kolonial.

– Det skal bli ein butikk i sentrum. På mange måter blir det Kleiven møter Fiskelepsøyen, men i 2017-drakt. Der skal kundane få gode ferske råvarer med identitet, fortel Døsen Moberg.

For lite stolte

Det nøyaktige vareutvalet er ikkje klart enno, men Døsen Moberg nemner både gode oster og handverksøl som varer ho ser for seg å ta inn. Gjennom den tidlegare jobben som soussjef på Solstrand og utdanninga som kokk har ho jobba med masse gode råvarer.

– Desse har eg sakna å finne i butikken. Det er det eg no har lyst til å gjera noko med. Forbrukerane går i dag glipp av så mykje, smiler ho.

– I tillegg har eg lyst til å løfta fram bonden. Dei leverer så mykje bra, men er litt for lite stolte av det.

"Hemmeleg" stad

Kor butikken kjem vil ho førebels ikkje røpa.

– Den kjem i sentrum, men førebels er det litt hemmeleg. Eg er i dialog med huseigar, men ikkje alle deltaljane er på plass enno. Målet er å koma igang før sommaren neste år.

– Førebels har eg starta Osøyro kolonial som ei catering-verksemd. Den kjem eg til å ta med meg inn i butikken, avslutter Silja Døsen Moberg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.