Lokal | 12. okt. 2017

Vil gje tilskot og garanti

Kunstgraset på banen på Søre Neset er utslitt. Kommunen vil stille med garanti og tilskot for å få den skifta.

Vil gje tilskot og garanti
Kunstgraset på banen på Søre Neset skal etter planen skiftast våren 2018 (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 12. okt. 2017 07:03

I august søkte Søre Neset Idrettslag kommunen om ein kommunal garanti på éin million kroner og eit kommunalt tilskot på inntil 500 000 kroner til rehabilitering av kunstgrasbanen på Halhjem.

– I følgje rapporten, utarbeidd av Norconsult AS er det behov for nytt dekke ved Søre Neset idrettsplass. Dette for å forebyggje skadar og dessutan for å få banen godkjent som breddebane.

– Banen blir også nytta av Halhjem barneskule i skuletida, og dette medfører stor slitasje på banen i og med at skuleborna i hovudsak nyttar joggesko og andre sko som slit meir på banen enn det fotballsko gjer, skriv idrettslaget i søknaden.

Realistisk budsjett

Søknaden skal handsamast i formannskapet og kommunestyret denne månaden. Administrasjonen er positive til å gje éin million i kommunal garanti og 500 000 i tilskot frå formannskapet sitt disposisjonsfond under forutsetning av at anlegget framleis blir stilt til disposisjon for elevane i skuletida.

– Søre Neset Idrettslag har levert ein god prosjektplan. Idrettslaget har jobba godt inn mot kommunale einingar og andre aktørar for å kunne gjennomføra prosjektet.

– Administrasjonen har vurdert investeringskostnadene, finansieringsplanen og laget si evne til å handtere auka driftsutgifter. Når det gjeld investeringskostnader viser idrettslaget til at dei har henta inn prisar frå leverandør, så administrasjonen legg til grunn at investeringsbudsjettet er realistisk, skriv administrasjonen i si vurdering.

Den totale kostnaden er på 2.237.000 kroner.

Positiv innstilling

Kunstgrasdekket som ligg på dagens bane er frå 2006. I tillegg til finansieringa frå kommunen har idrettslaget fått støtte får fotballkretsen sitt Mohn-fond. Laget vil også nytta oppsparte midler og ein solid dugnadsinnsats for å få skifta dekket.

– Etter ei vurdering vil administrasjonen rå til at det vert gjeve kommunal garanti for lån på 1 mill. kr. Til grunn for vurderinga så ser vi at det er viktig å ta vare på dei anlegg vi har ved å fornya dei. Nytt banedekke som tilfredsstiller krav til bredde fotball samt kvalitet på bane som førebygger skader er også viktig. Rådmannen har i liknande saker lagt vekt på å tilrå kommunal garanti i prosjekt som er samfunnsnyttige og der aktørane som søkjer om garanti har evne til å handtera auka driftsutgifter. Idrettslaget syner god oversikt gjennom vedlagt driftsbudsjett og viser også til at dei til ein kvar tid har eigenkapital ståande som ein buffer for uføresatte eller auka driftsutgifter. Skule og idrettslag har og eit godt samarbeid der denne fotballbanen er mykja nytta i friminutt og gym timar, konkluderer administrasjonen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.