Lokal | 23. sep. 2016

Vil ha anti-korrupt kommune

Gisle Hesjedal (Ap) vil at Os kommune skal melda seg inn i Transparency International Norge for å motarbeida korrupsjon i kommunen. Får støtte frå politisk motstandar.

Vil ha anti-korrupt kommune
Gisle Hesjedal (AP) foreslår at Os kommune meldar seg inn i Transparency International Norge så snart som råd er (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 23. sep. 2016 05:49

I ein interpellasjon til kommunestyret kommande veke foreslår Gisle Hesjedal på vegne av Os Arbeiderparti at kommunen melder seg inn i Transparency International Norge så snart som råd er, og at dei 15 000 det kostar blir tatt frå kommunestyret sitt disposisjonsfond.

– No har vi ingen grunn til å tru eller mistenke at det foregår korrupsjon i kommunen, men vi er ei stor verksemd med over 1000 tilsette og eit budsjett på omlag 1 milliard kroner.

– Kvart år blir det inngått mange større og mindre kontraktar. Eg trur difor det er fornuftig av oss å melde oss inn. Du kan gjerne seie det er ei symbolsk handling, men det syner at vi tar korrupsjon på alvor og at vi ønskjer åpenheit i forvaltninga, forklarar Hesjedal.

Enorm kompetanse

Arbeiderpartipolitikaren fortel at ein gjennom medlemsskapet får tilgang på ei enorm kompetanse gjennom organisasjonen.

– Det kan mellomanna vera i form av kurs og opplæring i alle ledd i organisasjonen vår. Frå oss som sit i kommunestyret på politisk nivå til den einskilde medarbeidaren ute i dei ytste ledda.

Får støtte frå politisk motstandar

Hesjedal har tru på at forslaget vil gå gjennom på det kommande kommunestyremøtet.

– Det er jo eit heilt ukontroversielt forslag, som eg trur alle ser nytteverdien i. Einaste motargumentet eg kan sjå er at det kostar 15 000 kroner.

Støtte har han allereie fått frå Olav Kvinge, som sit i fylkestinget for Høgre.

– Dette kan eg stille meg 100% bak. Både det høgreleia fylkestinget og det høgreleia byrådet i Bergen gjorde det same i førre valperiode. No uttalar eg meg som fylkespolitikar, det er kommunestyregruppa vår som skal ta stilling til det, men eg meiner dette er god høgrepolitikk og eit glitrande forslag. Eg kan ikkje sjå nokon særleg grunn til å stemme imot.

P.s. forslaget blei også fremja frå MDG under budsjetthandsaminga i fjor haust som eit verbalforslag, men blei då nedstemt.

– Eg tenkjer det er lettare å ta stilling til det, og stemma for det, når det kjem som ei enkeltsak og ikkje som eitt av mange verbalforslag i budsjettsamanheng, forklarar Hesjedal om kvifor han fremjar det på nytt no.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.