Lokal | 24. juni 2017

Vil ha bilvraka fjerna

Mellom 10 og 15 bilvrak står ulike stadar i bygda. No vil Gustav Bahus (Frp) ha dei fjerna.

Vil ha bilvraka fjerna
Denne avskilta audien står på ferjekaien på Halhjem (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrelørdag 24. juni 2017 07:45

I politisk kvarter, både i plan- og bygningsutvalet og i formannskapet, tok Gustav Bahus opp dei mange avskilta bilvraka som står «utplassert» ulike stader i bygda.

– Det står ein sølvgrå Peugeot på Skeie, der bussen skal snu, bakom foreningen står det ein med kunst rute, på Sollia ved fotballbanen står det ein og på ferjekaien på Halhjem står det tre.

– Eg veit det er vanskeleg å få til frå tidligare, men tenkjer at no er sommaren komen og graset er grønt. Då er det ikkje dette vi ønskjer at folk som kjem til bygda skal bli møtt med. Det handlar om omdømmet til kommunen, argumenterte Bahus.

Totalt mellom 10 og 15

Bilene står både på kommunal, fylkeskommunal og privat grunn.

– Dette er eit fint initativ. Kor stort omfang er det grovt regna, undra Nils-Anders Nøttseter (MDG).

– I sentrumsområdet er det vel mellom 3 og 5, totalt sett i Os er det nok mellom 10 og 15 bilvrak, svara Bahus.

Skal starte arbeidet

Rådmann Christian F. Fotland lovde at administrasjonen skulle sjå på saka.

– Vi kan starta arbeidet og ta kontakt med politi, vegvesen, fylkeskommunen og dei samarbeidspartnerane som er nødvendig her. For å få det til må vi nok få til eit spleiselag, for det kostar ein del å bli kvitt dei. Vi vil jo ikkje at det skal bli slik at det berre er å sette frå seg bilvraket, så tar kommunen seg av det og alle kostnadane med det.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.