Kultur | 27. feb. 2017

Vil ha publikum frå Os

– Topp 5 i verda, seier Fredrik Saroea om publikum frå Os. Datarock er husband for Stian Blipp Show, som har premiere i neste veke.

Vil ha publikum frå Os
Stian Blipp Show, med Datarock som husband, har premiere på TV2 torsdag 9. mars. Onsdagane utover våren kan du sjå innspelinga live på Verftet. (Foto: Eivind Senneset, TV2)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 27. feb. 2017 10:30

Måndag for ei veke sidan var det slepp for Stian Blipp Show, som har premiere på USF Verftet torsdag 9. mars.

- Det er deilig å få gjera dette på heimebane. For å setja eit lite, raudt og joggedress-kledd bær på toppen så har eg fått sjølvaste Datarock som husband, seier Blipp nøgd.

Entertaineren gjorde standup på Os i 2012 (sjå video), året før han debuterte som programleiar året Eirik Søfteland gjekk til finalen.

– Publikum får meir enn TV-sjåarane

– Eg synest det er ekstra kjekt å kunna invitera publikum til showet. I Oslo har du ein serie talkshow du kan vera gjest hos, her i Bergen er det ikkje like lett å få sjå ei tv-sending bli spelt inn.

– Det skal dessutan bli intimt og god stemning. Oppvarminga tar vi sjølv, eg og Datarock, så dei som kjem som publikum får oppleva ein god del meir enn dei som ser TV-sendinga.

Det er lagt ut billettar til 10 show frå 8. mars til 10. mai (innspeling onsdag, TV-sending torsdag). Premieren er nesten utselt.

Datarock spelte på Søfteland Rock N LOL både på dagtid og kveldstid, og hylla brørne Lindborg då festivalen heldt gravøl i Oseana.

– Vi har spelt tusen ulike stadar ute i verda, publikum i Os er topp 5, og eg håper å sjå osingar ringside i Bergen. Eg er sjølv frå Askøy, og ser gjerne at også askøyværingar tar turen, seier Fredrik.

– Det blir ekstra trøkk i salen med litt strilar. Dei er ofte veldig i modus når dei skal på fest eller show, dei har ikkje berre ramla innom, dei har ordna med barnevakt, pynta seg og tatt seg ein halvtime i bil eller buss, supplerer Stian.

Mangfald på gjestelista

Stian får besøk av både kjente gjestar og menneske med ekstraordinære historier.

- Atle Antonsen er hovudgjest i første program og SKAM-stjerna Thomas Hayes kjem, fortel Stian Blipp.

– Til premieren har eg òg invitert Grandma-DJ, ei dame på 76 år som satsar på ei karriere i Noreg som DJ.

Stian skal i løpet av sesongen dela ut ein million kroner til veldedige formål. Pengane må han skaffa gjennom å løysa spektakulære og underfundige utfordringar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.