Lokal | 25. feb. 2015

Vil ha skatt til primærtenestene

Fleirtalet i formannskapet støttar regjeringa i å sentralisera skatteinnkrevinga, men vil ha effektivitetsgevinsten tilbake til kommunane.

Vil ha skatt til primærtenestene
H og Frp støtta regjeringa, men vil ha noko av gevinsten tilbake gjennom overføringar til dei kommunale primærtenestene (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 25. feb. 2015 07:46

«Som ledd i arbeidet med å oppnå en bedre og mer effektiv skatte- og avgiftsforvaltning tar Regjeringen sikte på å overføre skatteoppkreverfunksjonen fra kommunene til Skatteetaten med virkning fra 1. januar 2016.

Overføring av den kommunale skatteoppkreverfunksjonen til Skatteetaten innebærer at skatteinnkrevingen, føring av skatteregnskapet og arbeidsgiverkontrollen legges til Skatteetaten og koordineres med tilstøtende og til dels overlappende oppgaver i Skatteetaten. Med dette tiltaket vil skatte- og avgiftsforvaltningen få en helhetlig samling i én etat.», heiter det i informasjonsbrevet frå finansdepartementet sendt kommunane sist sommar.

– Dette er jo eit tema som har vore oppe i fleire saker tidlegare.

– Eg vil tru at dette er ein sak vi har forskjellig ståstad ut frå partiaksane, innleia ordførar Terje Søviknes (Frp) då formannskapet i førre veke skulle gje si høyringsuttale.

Reknar med å få tilbake

På vegne av Frp/H kom Søviknes med forslag om å støtta regjeringa, men ikkje utan eit lite stikk om at gevinsten skulle koma kommunane til gode.

– Vi foreslår at Os kommune støttar regjeringa sitt framlegg om å flytta skattekrevjarfunksjonen til Staten.

– Staten ved Skatteetaten skriv i dag ut skattane, og det er rimelig at Staten også står for innkrevjing av skattane.

– Basert på høyringsdokumentet er det venta vesentleg kostnadsreduksjon ved ei statleggjering av skatteoppkrevjarfunksjonen, og Os kommune ber om at gevinsten blir tilført kommunane til styrking av primærtenestane barnehage, skule, helse og omsorg, fremja Søviknes som alternativt framlegg til vedtak.

Sentralt eller lokalt?

Posisjonspartia ser at større avstand mellom innkrevar og dei som det skal krevast inn frå kan få negative konsekvenser og at kommunane kan få eit mindre fagleg miljø som følgje av omlegginga.

– Vi trur likevel at vi vil klara å oppretthalda eit godt fagleg miljø og har landa på at det kan vera greit å rydda i dagens situasjon, kor statlege styresmakter reknar ut skatten mens kommunen krev den inn, forklarte Søviknes, som ikkje fekk støtte frå opposisjonen.

– Eg er usikker på om dette er vegen ein bør gå. Ein kan effektivisera, men nærleiken er det viktige når eg fell ned på å gå for administrasjonen sitt framlegg.

– Eg har tru på den desentraliserte modellen, vi må ikkje bli eit AS Noreg, kor alt skal sentraliserast, argumenterte Terje Sperrevik (TvS), som fekk støtte frå Torill Keys (Ap).

– Med tanke på kommunereforma er det gjerne ikkje så lurt å gjera dette tiltaket no.

– Eg synest kemnaren kjem med gode argument i si utgreiing og støttar Sperrevik, avslutta Keys.

Søviknes sitt alternative framlegg blei vedteken med fem (Frp/H) mot fire (Ap/V/TvS) røyster.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.