Næringsliv | 29. jan. 2015

Vil hjelpa gründarar i gang

Gjennom eigarskapet i Business Region Bergen AS vil Os kommune hjelpa gründarar med å komma i gang.

Vil hjelpa gründarar i gang
Etablerarar på kompetanseprogram hos Business Region Bergen (foto: BRB)
Andris Hamretorsdag 29. jan. 2015 08:26

Business Region Bergen (BRB) er eigd av kommunane i Bergensregionen i fellesskap og har som oppgåve å jobba med regional næringsutvikling, etablerarteneste og omdømmebygging for regionen.

For å hjelpa gründarar i regionen med å utvikla ideane sine og starta eiga bedrift har BRB utvikla eit skreddersydd kompetanseprogram for dei som er i startfasen med å starta ei verksemd.

– Kompetanseprogrammet er satt saman av tre enkeltståande kurs og gir eit godt fundament for deg og din verksemd. Det fungerer også godt for deg som treng nødvendig påfyll om du alt har starta opp eigen verksemd, seier leiar for Business Region Bergen sitt Etablerersenter, Gry Sæterdal.

Fleire kurs

Programmet er sett saman av dei tre kursa 1-2-3 Etablering, Etablerarkurs og Økonomikurs, kor du møter andre i etablerarfasen og kan bygga eit nettverk med andre i same situasjon som deg sjølv.

– Det første kurset starta allereie 3. februar og er delfinansiert av Hordaland Fylkeskommune og Bergen kommune, slik at deltakaravgifta er på berre 1300 kroner.

– Om du ikkje har moglegheiten allereie no, så vil det koma fleire kompetanseprogram utover våren, forsikrar Sæterdal.

Deltek du på kursa vil du òg kunne få personleg rettleiing i etterkant.

– Vår næringslivsstøtte

Ordførar Terje Søviknes (Frp) fortel at kommunen nyttar BRB som sin organisasjon for næringsretta arbeid.

– Tidlegare hadde vi Bjørnefjorden Næringsutvikling saman med Fusa og Samanger, men då vi la ned denne gjekk vi inn i BRB.

– Det er naturleg at mange gründerar og etablerarar kontaktar kommunen i ei oppstartsfase.

– Når dei tek kontakt med oss, så henvisar vi dei vidare til BRB som har kompetansen og kursa til å hjelpa dei i gong, forklarar Søviknes.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.