Lokal | 17. mars 2017

Vil ikkje kreva eigendel for fysioterapi

Kommunen vil ikkje kreva eigendel frå dei som får kommunal fysioterapitenester. Trur utgiftene ved innkreving vil bli minst like høge som det dei får inn.

Vil ikkje kreva eigendel for fysioterapi
Kommunalsjef Nils-Petter Borge vil ikkje kreva inn eigendel for kommunal fysioterapi (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 17. mars 2017 08:18

Til formannskapet tysdag har kommunalsjef for Helse, omsorg og beredskap Nils-Petter Borge fremja ei sak, kor han foreslår å ikkje kreva eigendel for kommunale fysioterapitenester anna enn ved bruk av terapibasseng.

Bakgrunnen for saka er at det i forskrift om kommunal helse- og omsorgstenester er heimel for å kreva eigendel ved fysioterapi hos fastløna fysioterapeuter på lik linje med eigendelane som blir krevd inn hos fysioterapeutar med driftstilkot.

– Totalt sett er det mogeleg for Os Kommune å ta inn ca 150.000. For å kreva inn desse pengane er det sannsynleg at det vil koste oss minst det tilsvarande beløp, skriv Borge i utgreiinga kor han har berekna inntektspotensiale på bakgrunn av behandlingar i 2016.

Har rett på frikort

Kommunen kan kreve eigendel når dei fastløna fysioterapeutane gjev individuell undersøking og behandling, behandling i grupper t.d. basseng, og ved rettleia trening mellom behandlingar.

Innkreving av eigendel forutset at fysioterapi blir gjeven som eit spesifikt tiltak som blir dokumentert.

Behandling hos fysioterapeut høyrer inn under ordninga med frikort for eigendelstak 2, kr 1990,-. Denne ordninga er automatisert frå 1. januar. Når pasienten har nådd frikortgrensa, vil Helfo utbetale eigendelen til kommunen.

– Når det gjeld bassengtreningsgruppe så har vi allereie bestemt at desse pasientane skal betale eigendel, og har sendt ut faktura for januar totalt kr. 3776,-. Dette gjeld 9 pasientar, takst kr 118,- pr. gang. Vi har òg fylt ut Excel skjema som kommunen må sende inn til Helfo. Dette med tanke på innrapportering av eigendelar til Helfo, og automatisering av frikort for eigendelstak 2, forklarar Borge.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.