Lokal | 11. apr. 2018

Vil kutta ut adhoc-utval

Første møte i eigedomsskattutvalet blei berre rot. No vil rådmannen ha tydelegare skille mellom politikk og administrasjon.

Vil kutta ut adhoc-utval
Rådmann Christian F. Fotland tok til ordet for å sjå på bruken av adhoc-utval i kommunestyret tysdag (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 11. apr. 2018 07:18

Os kommune har dei siste åra hatt ein aktiv bruk av adhoc-utval, kor administrasjon og politikarar har sete saman i same utval for å drøfte problemstillingar. I samband med kommunesamanslåinga ser rådmann Christian F. Fotland at dette kanskje ikkje alltid er den beste løysinga.

– Eigedomsskatteutvalet skal ha sitt neste møte på kommande fredag. Vi håper det blir struktur på det møtet, for forrige møte var litt rotete. Det må vi ta kritikk for noko og einkvar.

– Når administrasjon og politikarar sit i samme fora, så forsvinn lett politikken litt. Eg vil difor utfordra fellesnemnda på å løfte politikken i det, så får vi heller ta ei strafferunde på det.

– Det er nok ikkje den beste løysinga å blande politikk og administrasjon i eit adhoc-utval, men i staden følgje tradisjonelle liner kor adminstrasjonen førebur sakene, kommenterte rådmannen.

Klar for strafferunde

Nils-Anders Nøttseter (MDG) er kanskje den av politikarane som har vore den tydelegste motstandaren av den utstrakte bruken av adhoc-utval. Spesielt då med tanke på transparenthet og openheit for ålmenta.

– Eg er glad for at rådmannen har kome til den konklusjonen og er klar for ei strafferunde på adhoc-utval, kommenterte Nøttseter.

Treng å løfta delegasjonsreglementet

Laila Reiertsen (Frp) peika på ei anna problemstilling i samband med kommunesamanslåinga mellom Os og Fusa.

– Vi opplever heile tida at i Os gjer vi det sånn, i Fusa gjer dei det sånn med tanke på delegasjonsreglementet. Jo før vi får endra delegasjonsreglementet til å bli likt, jo betre hadde det vore for oss politikarar.

– Det ville vera eit løft for det videre arbeidet både i fellesnemnda og andre utval om ein så fort som mogleg fekk ordna delegasjonsreglementet. Er dette snakka om mellom rådmenna og eventuelt politikarane i Fusa, eller er det sånn at vi må gå til 2020 før det blir endra, undra Reiertsen.

– Delegasjonreglementet har ikkje vore drøfta så konkret. Eg oppfattar at spørsmålet er om vi skal ha felles delegasjonreglement før kommunereforma trår til. Det må eg få diskutera med rådmannen i Fusa og ordførarane, svara Fotland.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.