Lokal | 24. apr. 2017

Vil læra 180 osingar livreddane førstehjelp

Røde Kors inviterer til ni førstehjelpskurs spreidd i heile kommunen dei to første vekene i mai. Sjå når og kor her.

Vil læra 180 osingar livreddane førstehjelp
Silje Søviknes Hagevik fra Apotek 1 Flåten gav leiar i Os Røde Kors, Nina Solvår Sælen, 200 trekanttørkle til kursdeltakarane måndag ettermiddag (foto: Andris Hamre)
Andris Hamremandag 24. apr. 2017 17:27

I samband med den internasjonale røde kors-dagen 8. mai vil Røde Kors over heile landet tilby 3-timars kurs i livreddande førstehjelp. Os Røde Kors tek det eit steg lengre.

– I Hordaland har Røde Kors eit mål om å tilby 100 kurs i løpet av dei første to vekene i mai. Då vi byrja å diskutere dette lokalt, så fann vi ut at vi ville komma oss ut i krinsane og tilby kursa der. Vi trur det vil kunne gje betre effekt. Eg ringde difor undomslaga og Nore Neset aktivitetshus for å høyre om dei kunne stille med lokale, så stilte vi med instruktørar. Responsen var den same overalt «Ja, sjølvsagt», fortel Kristian Strønen i Os Røde Kors.

Meiningsfylt sponsing

Like umiddelbar og positiv var responsen frå Silje Søviknes Hagevik på Apotek 1 Flåten då dei fekk spørsmålet om dei kunne tenkje seg å sponse trekanttørkler til kursdeltakarane.

– Eg var sjølv med på eit førstehjelpskurs hos Røde Kors gjennom Os Turlag og lærte veldig mykje. Ikkje minst korleis ein kan nytte trekanttørklet, så då forespurnaden kom, så var det klart vi ville vera med. Dette er i mine auge ei særs meiningsfylt sponsing, fortel Hagevik då ho måndag overrekte 200 trekanttørkle til leiar i Os Røde Kors, Nina Solvår Sælen.

Ni kurs på ni dagar

Kvart av dei ni kursa er på tre timar og tek for seg livreddande førstehjelp med fokus på hjarte-/lungeredning, pasientundersøking, frie luftveger og stopping av blødningar. Alle kursa er gratis.

– Vi har plass til 20 deltakarar på kvart kurs og ein melder seg på på www.100kurs.no, kor du vel Os som lokalforening og deretter staden du ønskjer å delta, forklarer Strønen.

Her blir kursa arrangert:

  • Ungdomshuset i Søre Øyane, 2. mai kl 18-21
  • Ungdomshuset i Nordstrøno, 3. mai kl 18-21
  • Nore Neset Aktivitetshus, 4. mai kl 18-21
  • Røde Kors Huset, Kolskogheiane 8, 7. mai kl 15-17
  • Røde Kors Huset, Kolskogheiane 8, 7. mai kl 18-21
  • Undomshuset på Søfteland, 8. mai kl 18-21
  • Ungdomshuset på Søre Neset, 9. mai kl 18-21
  • Ungdomshuset i Hegglandsdalen, 10. mai kl 18-21
  • Ungdomshuset i Lysefjorden, 11. mai kl 18-21

Praktisk øving

Strønen fortel at kurset blir av det praktiske laget.

– Det handlar om å øve, så deltakarane skal få prøvd seg både på munn til munn, hjartekompresjon og læra korleis ein kan nytta trekanttørkle for å stoppe alvorlege blødningar. Deltakarane bør stilla i praktiske kle, for det meste vil gå føre seg på golvet, forklarar Strønen.

Håper på rekruttering

Nina Solvår Sælen fortel at dei i tillegg til å læra osingane livreddande førstehjelp også håper på ein ekstra positiv bieffekt.

– Det er ein fin måte å få presentert Røde Kors på, ikkje berre hjelpekorpset, men også dei andre tinga vi driv med, som besøkstenesta, beredskapsvaktene og Barnas Røde Kors. Kanskje finn nokon ut at dei har lyst til å vera med oss også etter kurset.

– Uansett håper vi på stor interesse og fullteikna kurs. Om interessa er stor nok, ser vi ikkje bort frå at vi vil setta opp ekstra kurs seinare, avsluttar Solvår Sælen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.