Næringsliv | 24. sep. 2014

Vil laga fleire sommarbåtar

I helga stiller Askeladden ut på årets siste messe i Bergen. Til neste år lanserer dei nokre nye «småbåtar».

Vil laga fleire sommarbåtar
Askeladden på Dra til Sjøs i vår. Til helga stiller dei ut på same brygge med fire båtar. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 24. sep. 2014 07:36

Askeladden Boats AS er nøgd med året så langt. Svært godt sommarvêr førte til knallgode salstal i juli og båtprodusenten ligg no 10 prosent framfor fjoråret.

– Utfordringa i år har vore å produsera nok, vi har selt alt som vi har laga til årets sesong, seier marknadssjef Leif Bergaas.

Stiller ut med fire i Bergen

På den flytande messa ved VilVite på Marineholmen i Bergen i helga stiller dei ut med fire båtar, to P66-båtar og begge dei to nye C75-båtane.

– For fabrikken sin del er hausten viktig i form av utvikling av nye modellar for 2015, og innsalg til forhandlarar. For forhandlarane sin del, og butikken vår, Båtens Beste, er hausten ei viktig tid for å få ut mest mogleg så det er rydda plass til nye båtar neste år.

– Den flytande haustmessa er ein fin plass å gjera eit kupp, eller å få årets prisar på neste års produksjon. Vi har også 2015-modellar med oss på messa.

Under 500.000 sel best

Bergaas fortel, på vegne av bransjen, at salet av større turbåtar, inkludert seglbåtar, har vore svært dårleg den siste tida.

– Årsaka er uviss, men det kan ha med nedgangen i olje- og gassbransjen å gjera. Eigarar av firma som er underleverandør til større selskap i Bergen og Stavanger har tidlegare vore viktig kundegruppe. Men for båtar med pris frå ein million kroner og oppover har marknaden knapt vore dårlegare enn no.

– Men Askeladden ligg i ein prisklasse der marknaden er god, og spesielt båtar til under 500.000 sel godt. Pilothus-båtane våre sel jamt året rundt, den store forskjellen i år er den kraftige auka av sal av sommarbåtar, daycruisarar og andre opne båtar.

Askeladden sin rammeavtale med Forsvaret ser også ut til å føra til fleire sal av spesialbåtar.

– Her har kunden nokre grundige og omfattande prosessar før bestilling, blant anna når det kjem til utstyr og tilpassing. Men det ser ut til å nærma seg ei ny bestilling.

Askeladden har allereie levert éin båt til Forsvaret. Ved årsskiftet leverte dei dessutan sin andre politibåt.

Berre store Askeladdar?

På heimesida til Askeladden ligg modellar ned i 475 Freestyle i storleik, men verken denne skjergardsjeepen, 525 eller 565 har den siste tida vore i produksjon.

– Dei minste båtane vi har i produksjon er C62-båtane, fortel Bergaas.

Vil du ha ein C62 med 115 hk er prislappen på rundt 395.000 kroner.

– Mister Askeladden noko når dette er dei minste båtane i produksjon?

– Ja.

– Kan det bli aktuelt å ta opp igjen produksjonen av skjergardsjeepane på 4-5 meter?

– Nei. Det er ein prisklasse og storleik som er veldig vêravhengig, om der det er vanskeleg å ha ein effektiv og økonomisk forsvarleg produksjon.

– Men vi vil litt ned i storleik i forhold til årets meny. Neste år lanserer vi nokre båtar på 6 meter, nokre opne sommarbåtar.

– Det er for tidleg for meg å koma med nokre detaljar, men vi har tru på at desse kjem til å koma i ein kategori der det også dei neste åra er godt med kjøparar, seier Bergaas.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.