Lokal | 25. okt. 2016

Vil laga stor graskar-utstilling

«Amerika-kroa» på Røykenes ønskjer å samla inn flest mogleg halloween-graskar til utstilling og konkurranse.

Vil laga stor graskar-utstilling
Skal det vera ein Iron Man eller ein tradisjonell Jack O'-lantern? (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 25. okt. 2016 21:45

Du kan lika det eller hata det, men amerikanske tradisjonar for markering av allhelgensaftan, all hallow’s eve, har smitta over på oss i kalde nord. Saman med ungar som går og spør om knask og knep, og ungdomar som arrengerer halloween-festar, har salet av graskar auka kraftig dei siste åra.

Les òg: Dobla halloween-interesse i Os

– Vi har forståing for dei som ikkje synest så mykje om denne formen for feiring, i alle fall dette med skumle kostyme. Men vi lagde ein halloween-fest i fjor med eigen meny og litt varsam dekorering av restauranten, fortel Linda Andersen hos Er-An Veikro.

Den USA-inspirerte kroa har uansett alibi til å gjera litt ut av denne dagen.

– Å laga kunst av graskar har vi stor sans for, og vi har sett at mange er veldig flinke.

Ønskjer bidrag - lager konkurranse

I samarbeid med Midtsiden inviterer Er-An Veikro til å bidra til utstilling og konkurranse.

– Folk kan levera ferdig graskar fredag og laurdag, så nummererer vi på baksida og noterer namn og nummer.

– Vi set opp utstilling på uterestauranten og i vinterhagen. Utstillinga står til og med halloween, altså måndag 31. oktober.

Søndag vil ein jury kåra dei tre beste graskara, namna på desse blir publiserte måndag.

– Måndag er halloween-menyen vår på plass igjen, med paprika fylt med taco og eigen tradisjonell graskar pai (pumpkim pie). Enkelte av kundane våre har venta på paien sidan i fjor, fortel Linda.

1. premie: Gåvekort på 500 kroner
2. premie: Gåvekort på 300 kroner
3. premie: 5 softis

Lurer du på korleis du skal grava og kutta opp eit stilig graskar?

Då kan du for eksempel sjå denne videoen på YouTube.

Vil du laga ein spesiell figur?

Teikningar finn du ved å søkja på f. eks. «pumpkin carving iron man».

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.