Næringsliv | 14. nov. 2017

Vil levera meir miljøvennleg

Ledande leverandør vil levera meir miljøvennleg drivstoff til næringslivet i Os.

Vil levera meir miljøvennleg
Øystein Helleve vil levera meir miljøvennleg drivstoff til Os (pressefoto)
Andris Hamretirsdag 14. nov. 2017 08:45

Helleve Transport AS, som er ein av dei ledande leverandørane av drivstoff til industri, entreprenørbransjen, landbruket og private husholdninger i Os satsar miljøvennleg gjennom samarbeid med Preem som ny leverandør.

– Vi står over for eit grønt drivstoffskifte og Helleve Transport ønskjer å vera ein leiande aktør i omstillinga mot eit meir bærekraftig samfunn, seier dagleg leiar Øystein Helleve i ei pressemelding.

– Preem sin styrke er å produsere fornybart drivstoff og selskapet ønskjer å vera ein leiande aktør i Noreg. Avtalen gjer at vi no har ein dedikert samarbeidspartner som kan hjelpa oss med overgangen.

Tallolje og raps

Helleve Transport har levert drivstoff i Os sidan 2014. Øystein Helleve trur ein berre er i starten av det grøne skiftet.

– I framtida vil vi sjå at marknaden i stadig større grad etterspør fleire nye miljøvenlege produkter. Avtalen med Preem gjer at vi kjem eit ledd nærare produksjonen og selskapet vil i framtida ha fokus på produktutvikling. Dei har allereie hovedfokus på klimanytte og velgjer råvarer med stort omhu.

– Fornybart må også vera bærekraftig og ikkje skape nye miljøproblem. I dag bruker dei først og fremst tallolje, som er eit restprodukt frå skogindustrien, samt raps og ein del animalske restprodukt, forklarar Helleve, som legg til at det for kundane vil betyr at dei får større tilgang på framtidsretta produkter med same gode leveringstid, service og kvalitet som tidlegare.

Preem foredlar og sel bensin, diesel, fyringsolje og fornybart drivstoff til selskaper og privatpersonar i Sverige og Norge.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.