Lokal | 06. feb. 2010

Vil på camp med TV Norge

To elevar ved Os Gymnas og éin Os-spelar kan med denne videoen vinna plass i One Call Winter Camp.

Vil på camp med TV Norge
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 06. feb. 2010 07:32

Bildeserie:

1 av 3

To av dei er russ på Os Gymnas i år, den tredje, Os-spelar Kjartan Svendsen, var russ i fjor.

- Vi er tre kameratar som har vakse opp saman på Fusa, og som framleis heng saman på fritida med jakt og kiting som felles hobbyar, fortel Kjartan.

For ei stund sidan meldte dei seg på One Call Winter Camp. No har rundt 1000 lag blitt til 28, og dei tre fusingane er på stemmejakt å bli blant dei fire laga på årets camp.

Med Sjøforsvaret og TV Norge i naturen
One Call Winter Camp blir i mars arrangert for tredje år på rad. Nytt i år er at det er lag, ikkje enkeltpersonar, som er påmeldt.

- Om vi blir blant dei fire laga som går vidare får vi verkeleg oppleva norsk natur på sitt beste. Det blir topptur, heliskiing, kjøring med snøskuter og to døgn saman med Sjøforsvaret.

No milk today
I søknaden skreiv dei tre gutane om deg sjølv og hobbyane sine. Juryen valte laget frå Fusa blant dei 30 som gjekk vidare.

- Det er typisk Hans, som meldte oss på, han har gullhår i hekken. Då han sendte inn eit morosamt klipp av seg sjølv på ski vann han 10.000 kroner og plass i Tine sin No-milk-today-reklame, seier Svendsen.

Kjem dei friske fusingane vidare får dei nokre innhaldsrike dagar i norsk natur 22. til 28. mars.

Klippet er med i filmsnutten laget måtte senda inn då dei gjekk vidare. Det er med denne filmen (sjå under bilda) Betonggutta håpar å sanka nok stemmer til å bli blant dei fire laga som går vidare.

Her kan du lesa meir om konkurransen og stemma på fusingane.
(Du kan stemma fram til 1. mars, men berre éin gong per maskin/IP-adresse.)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.