Sport | 05. okt. 2017

Vil samla bilinteressert-ungdom

– Anten du vil køyra race med gatebilen din eller få mekke-tips så er du velkomen, så lenge du er under 30 år.

Vil samla bilinteressert-ungdom
Ann-Kristin Thuen jobbar bak rattet, på større bilar, men er mest interessert i amcar og motorsport. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 05. okt. 2017 13:18

Yngre krefter i Os Amcar Club arrangerer eigen kveld for bil- og motorinteressert ungdom.

– Familien har vore medlem i Os Amcar Club sidan eg var liten, sjølv fekk eg eige medlemsskap då eg var 18 år, fortel Ann-Kristin Thuen.

I fjor hamna ho i styret i klubben, no vil å undersøkja kor stor interessa for bil er blant andre yngre, uavhengig av merke og alder på bilen.

– Mange får jo med seg 4. juli-arrangementet vi køyrer på Er-An, eg vil tru at det er ein god del yngre som er interessert.

Nyttig fellesskap

Klubben har, ved sidan av å vera på cruising når vêret er fint, faste treff annakvar veke.

– Her blir det utveksla erfaringar og råd, og folk er raske med å stilla opp og hjelpa kvarandre, anten det er ombygging eller skifte av motor.

– Men eg ser jo at det er få av dei unge som møter, derfor vil eg sjå om det er grunnlag for å få fleire av oss under 30 år tilå bli ein del av miljøet.

Ung klubbkveld med fleire foredrag

Tysdag i neste veke held Os Amcar Club ein eigen klubbkveld for dei under 30 år. Samlinga blir på Er-An Veikro.

– Folk har så vidt byrja å melda seg på. Eg ønskjer å understreka at dette gjeld alle unge med interesse for bil, ikkje berre dei som har amcar.

Ann-Kristin gler seg over at familien har ein Ford Mustang, men den unge lastebilsjåførenhar ikkje eigen amcar, sportsbil eller veteranbil.

– Men det er det fleire andre som har. På denne kvelden blir det fleire bilar utstilt, samtidig skal vi ha foredrag innan rally og dragrace, og innan street legal, der kven som helst kan ta med gatebilen sin og testa den på bane.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.