Lokal | 18. okt. 2016

Vil samla mat- og turistnæringa

Lokal mat er i vinden som aldri før. No vil næringssjefen samla bransjen rundt Bjørnafjorden.

Vil samla mat- og turistnæringa
Næringssjef Daniel Skotheim presenterte tankane om å samla lokalmat-aktørar og turistnæring til idémyldring for formannskapet (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 18. okt. 2016 09:43

Næringssjef Daniel Skotheim gav politikarane to frampek på noko av det han jobbar med under næringslivets kvarter i formannskapet tysdag.

– No er dette i ei veldig tidleg fase, men landbrukssjefen og eg har eit ønskje om å gjera noko for produsentane, foredlerane og dei som serverer og sel lokalprodusert mat i regionen. Då snakkar vi Bjørnafjordregionen med Os, Tysnes og Fusa, som er området landbrukssjefen har ansvaret for.

– Tanken rundt er at det å skapa ein organisasjon der ein står sterkare saman, med felles marknadsføring og tilgjengeleggjering av dei lokale produkta, noko som er veldig i tiden, forklarte næringssjefen, som vil invitera aktørane til ei idémyldring for å sjå kva behov som er.

Dei positive reaksjonane frå politikarane lot ikkje venta på seg.

– Dette er bra. Det er også i tråd med intensjonen om at vi skal ta ei regionssenter-rolle. Eg trur dette kan bidra til aktivet, både i sentrumsbildet vårt, men også i sentrum i dei andre kommunane, kommenterte Terje Søviknes (Frp).

– Det er tydeleg at næringssjefen er i gang og at det boblar rundt han. Det er bra, supplerte Ståle Skaatun (H).

Korleis nå turistane?

Det var ikkje berre mat som sto på næringssjefen sitt bord då han møtte formannskapsmedlemmane.

– Det har vore eit tydeleg politisk ønske om å sjå på ein turistinformasjonsløysing i samband med oppgraderinga av torget og bygginga av Osroso. Saman med ordføraren og leiar for informasjonsavdelinga er vi blitt einige om å ta eit steg tilbake.

– Vi ønskjer å invitera inn representantar frå turistnæringa og reiselivet for å høyre litt med dei. Er det behov for ein ny betre turistinfo og kva ønskjer dei at den skal innehalde og kor bør den tilgjengeleggjerast. Er det fornuftig av oss å investera i ein fysisk infokiosk, som det har vore snakka om, eller er det meir fornuftig å legga ressursane i ein applikasjon, nettside eller tilsvarande. Vi tek eit steg tilbake og prøver å avdekka fleire behov. Difor inviterer vi Solstrand, Bjørnefjorden gjestetun, Oseana, Lysøen og andre til eit møte, forklarte Skotheim.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.