Lokal | 11. feb. 2016

Vil sjå på reinhaldet på sjukeheimen

Kommunalsjef Nils-Petter Borge lovde å sjå på organiseringa av reinhaldet på sjukeheimen då Gisle Hesjedal (Ap) stilte spørsmål om ordninga onsdag.

Vil sjå på reinhaldet på sjukeheimen
Kommunalsjef Nils-Petter Borge (t.v.) måtte svara på spørsmål om organiseringa av reinhaldet på sjukeheimen frå Gisle Hesjedal, AP (t.h) (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 11. feb. 2016 13:47

Til det politiske kvarteret (der politikarane kan spørje om kva dei vil, journ.mrk) i tenesteutvalet onsdag hadde Hesjedal på førehand send inn spørsmål omkring reinhaldspraksisen på den gamle delen av sjukeheimen på Lurane.

– Os AP er blitt kontakta av verneombod ved behandlingsavdelinga og pleie- og miljøavdelinga ved gamle sjukeheimen, og blitt orientert om at helsefagarbeidarar og sjukepleiarar har pålegg om å utføra daglege reinhaldsoppgåver, fordi reinhaldspersonalet berre er til stades ein gong i veka. Vidare vert det opplyst at når ein manglar folk så ber ein reinhaldar om å gjere pleieoppgåver, slik at det då kan gå opp til to veker utan at reinhaldar har utført reinhald.

– Fleire sjukepleiarar vi har snakka med opplyser til oss at dette er arbeidsoppgåver dei ikkje har tid til å gjera utan at det går ut over pleieoppgåvene deira. Resultatet er at reinhaldsoppgåvene vert nedprioritert.

– Er kommunalsjefen kjent med dette og er det slik han meiner reinhaldet på sjukeheimen bør gå føre seg? Er det denne metoden å driva sjukeheim på som gjer at vi er blant dei billigaste i landet, undra Hesjedal.

Vanleg praksis

Borge innleda med å forklara at då Luranetunet blei opna i 2001 blei reinhaldet lagt inn i pleien for at reinhaldarane skulle få ein meir variert arbeidsdag.

– Dette er ikkje unikt for sjukeheimen, men noko ein gjer i mange kommunar. Og ein metode vi nyttar òg på andre tenestesteder, til dømes i bufellesskapa.

– No held vi på med ei omlegging i samband med den nye sjukeheimsdelen. Vi vil då sjå på å reindyrka reinhaldsoppgåvene. Eg er ikkje ukjend med at eindel ikkje tykkjer det er spesielt kjekt, svara Borge.

Bidreg til å halde kostnaden nede

Borge tillot seg å reagera litt på at verneombodet, som blei vald for fjorten dagar siden, gjekk rett til politikarane i staden for å ta det med leiinga.

– Det første møtet mellom leiinga og verneombodet er faktisk beramma til i morgon. I tillegg tykkjer eg framstillinga Hesjedal refererar er litt meir dramatisk enn det andre har fortalt.

– Vi er ikkje nøgd med situasjonen slik det er no, difor er vi inne i ei omleggingsprosess. Fordi vi meiner det ikkje er så bra som det burde ha vore. Men du har rett, det er ein metode som gjer at vi driv sjukeheimen billigare enn eindel andre. Vi må bruke folka våre til alle dei oppgåvene vi skal dekkje. Vi har ikkje råd til å ha reindyrka folk. Det ligg ein fleksibilitet i dette og vi har inga grunn til å tru at det er noko oppblomstring av infeksjonar som følgje av dårleg reinhald, poengterte Borge.

– Reinhald er eit eige fag

Hesjedal var nøgd med at det var endringar på gang.

– Samstundes er det viktig å få fram at reinhald er eit fag som krev fagkompetanse. Sjukepleiarar er ikkje skikka like godt. Eg har forståelse for at ein mange gongar treng folk som er fleksible, men ein må ikkje strekka strikken for langt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.