Sport | 03. juli 2015

Vil slå Askøy ein gong til

Os Orienteringsklubb vil ha flest mogleg osingar med på stolpejakt. Som ein bonus kan du bli med å slå Askøy endå ein gong.

Vil slå Askøy ein gong til
Tommy Sævareid frå Os orienteringsklubb passerer her den oransje stolpen ved kyrkjeflaten. (Privat foto)
Kari M. Lyssandfredag 03. juli 2015 07:18

Frå 18. mai til 21. juni kjempa Os og Askøy om kven som var den sprekaste kommunen. Konkurransen var tett, men til slutt så var det osingane som mobiliserte best og gjekk av med sigeren.

Kommunerivaliseringa har vekt konkurranseinstinktet hos Os orienteringsklubb. I april kom dei med eit turorienteringstilbod til osingane, stolpejakt, der du i og rundt Os sentrum kan leita deg fram til 30 stolpar.

Les meir om opninga her: Er du flink til å leita deg fram?

– StolpeJakta er ein nasjonal konkurranse mellom alle arrangørar og deltakarar, fortel Tommy Sævareid frå Os OK.

Os ligg no på 86. plass i Hordaland og Sævareid la ekstra godt merke til ein av konkurrentane, som førebels ligg 11 plassar lengre bak.

– Som nystarta klubb så syntes eg det var ekstra gøy å sjå at vi ligg framfor Askøy, som Os nettopp slo i Sprekere-konkurransen, men som også er ein mykje større og eldre klubb.

– Og sidan vi nettopp har vore i konkurranse mot Askøy så håper eg osingane blir med så vi slår dei ein gong til.

Alle kan bli med

Du treng ikkje vera medlem i klubben for å bli med på konkurransen.

– Halvparten av dei som har registrert seg i konkurransen er ikkje medlemmar av klubben.

– Det einaste ein gjer er å registrera postane du har vore innom på turorientering.no. Du kan berre registrere postane éin gong, så vi ønskjer å få så mange som mogleg med.

Du kan anten laste ned kart frå Os OK sine sider eller gå på kommunetorget og få kart der.

Lær om Os på turen

Ein del av postane er ei "Kulturminneløype" der du kan skanna ein QR-kode og læra om dei ulike plassane.

– På ein av postane ved Oselva kan du læra om perlefisket i elva og om krangelen mellom munkane på Lysekloster og prestegarden om rettigheitane på laksefisket.

For dei som ikkje kan skanna koden så finn ein informasjonen om dei ulike postane på Os OK sine sider.

Turorienteringsløypa skal vera lett framkomeleg for dei fleste, men Sævareid anbefaler at du deler den i fleire turar om du har med deg små born.

– Du treng ikkje finna alle postane på éin gong.

– Dette er ein aktivitet som passar fint no i sommarferien og borna kan registrera seg sjølv og også kvalifisere seg til gull-, sølv- og bronsemerket.

Stolpar blir vekke

Det at stolpane er plassert så pass sentralt har bydd på ei ny utfordring for orienteringsklubben.

– Vi har merka at synlege stolpar, spesielt stolpen på Osbrua, forsvinn i løpet av natt til laurdag eller natt til søndag, fortel Sævareid.

– Vi driv frivillig arbeid og er ein liten klubb med lite pengar, så det hadde vore fint om folk kunne latt stolpane få vera i fred.

Sævareid satsar på at alle stolpane skal vera på plass i sommar for dei som ønsker ein aktiv og lærerik turoppleving.

– Du kan bli med fram til 15. oktober, då tar vi ned stolpane.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.