Sport | 01. aug. 2014

Vil springa til toppen av Mont Blanc.

Fjellklatrarar tar gjerne toget opp første del og bruker tre dagar på resten. No vil Andersen og Ludvigsen springa opp til toppen av Vest-Europas høgaste fjell – på 10 timar.

Vil springa til toppen av Mont Blanc.
Thomas var søndag oppe på 4300 meter og sjekka ruta (t.v.). No er han og Thorbjørn i Chamonix klare til å springa opp og ned igjen til toppen av Mont Blanc, 4810 meter over havet. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 01. aug. 2014 07:20

I april tok dei Bergen-Voss til fots, over helga vil dei to ultraløparane Thomas Andersen frå Os og Thorbjørn Ludvigsen frå Bergen, begge som del av Team Salomon, springa opp til toppen av Mont Blanc.

– Vi vil løpa frå Les Houches i Chamonix-dalen, som ligg cirka 1000 meter over havet, til toppen på 4810, og ned igjen. Vi reknar med å bruka rundt 10 timar på turen, seier Thomas.

Turen får med det 3800 høgdemeter forskjell kvar veg og ein samla distanse på rundt 35 kilometer.

Farleg – men godt førebudd

Mont Blanc er det høgaste fjellet i Vest-Europa og, ifølgje Illustrert Vitenskap, det fjellet i verda der flest har mista livet. Rundt 2000 har omkome i forsøk på å nå toppen, og Andersen og Ludvigsen skal springa gjennom ei renne kalla Main Killer (...), der et er rundt 30 i året som ikkje kjem levande gjennom.

– Det er ikkje eit lett fjell å nå toppen av, men eg føler meg trygg på at dette skal gå bra.

Ifølgje Andersen bruker fjellklatrarar gjerne å ta toget opp i 2300 meter høgde og bruka tre dagar på resten av turen.

– Eg var oppe på 4300 meter på søndag for å sjå på ruta, somsåg bra ut. Vi har godt med utstyr, vi har prata med kjentfolk og vi har trent i høgda i fleire veker, presiserer Thomas.

Thomas og Thorbjørn kjem til å springa med SPOT og startar måndag om vêret er godt nok.

Vil du følgja turen finn du link til trackinga på Thomas si heimeside, thomasandersen.no.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.