Lokal | 12. okt. 2017

Vil starta på reguleringsarbeidet

Regjeringa set av penger til reguleringsplan for E39 Stord - Os i statsbudsjettet.

Vil starta på reguleringsarbeidet
Ketil Solvik Olsen (Frp) foreslår å starta reguleringsarbeidet på E39 Stord - Os (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 12. okt. 2017 08:57

Finansminister Siv Jensen (Frp) presenterte i dag forslaget til statsbudsjett. Heile 35,9 milliardar kroner er foreslått brukt på veiformål i 2018, ei auke på 2,3 milliardar frå 2017.

– Samferdselsbudsjettet for 2018 viser at Nasjonal transportplan ikkje berre er ein ambisjon, men ein plan regjeringa no er godt i gang med å følgje opp, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen i ei pressemelding.

1,39 milliardar til Svegatjørn-Rådal

I budsjettet ligg det inne 1,39 milliardar til videre arbeid på E39 Svegatjørn - Rådal. Dette er fordelt med 1,13 milliardar i statlege midler og 260 millionar kroner i bompenger.

Vegen er venta å opne for trafikk i 2022.

Startar reguleringsarbeidet

I framlegget ligg det også inn planleggingsmidler til ulike delar av E39.

I følgje BT foreslår regjeringa å setta av midlar til kommunedelplan på enkelte strekk på E39 mellom Bokn og Stord og til reguleringsplan på E39 på strekninga Stord - Os.

Det tyder at prosjektet no går eitt steg vidare og at den nøyaktige veglinja skal komma på plass.

Landstraum på Halhjem

Det skal også vera satt av midler for å legga til rett for landstrøm på ferjekaiene både på Halhjem og Sandvikvåg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.