Lokal | 25. apr. 2013

Vil støtta barn og unge

"Det er betre å byggja barn enn å reparera vaksne" er mottoet når Lions laurdag arrangerar sin årlege Tulipanaksjon.

Vil støtta barn og unge
Laurdag har Lions igjen sin årlege tulipanaksjon, her frå aksjonen i 2011 (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamretorsdag 25. apr. 2013 08:11

Dei siste åra har Lions Os bidrege med midlar frå tulipanaksjonen til skatepark både på Kuventræ og Søre Neset.

– Å jobba med gode haldningar og motivere barn og unge til å velgje ein positiv livsstil, er ein viktig sak for oss i Lions.

– Difor har vi dei tre siste åra vore ein pådrivar for å byggje og tilretteleggje for barn og unge med interesse for skating, fortel Franzie Lerch, distriktsguvernør i Lions Os.

Over 1 million tulipanar

Tulipanaksjonen er ein landsomfattande aksjon i Lions som arrangerast for 32. gong. Over éin million tulipanar skal delast ut som kvittering på publikums bidrag på 100 kroner til forebyggande arbeid mot rusmisbruk blant barn og unge.

– Vi håpar mange vil støtte oss ved å kjøpa ein bukett på dei plassane vi står laurdag.

– Pengane vi får inn lokalt skal benyttast til aktivitetar som sysselsett barn og unge, spesielt på fritida, avsluttar Lerch.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.