Lokal | 18. apr. 2014

Vil styra pengar dei ikkje bruker

Formannskapet blir komité for utsmykkingsfond, men set ikkje av midlar til kunst i offentlege bygg.

Vil styra pengar dei ikkje bruker
Formannskapet får ansvaret for den kommunale kunsten (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 18. apr. 2014 06:47

Eit sovande regelverk om kunst i offentleg rom, med krav om eigen utsmykningskomite og at eit kvart byggjeprosjekt set av 1 % til kunstnerisk utsmykking, fekk sin ende på formannskapsmøtet før påske.

Rådmann Knut Terje Rekve fremja saka med bakgrunn i at spørsmålet om praktiseringa av gjeldande regelverk kom opp i kontrollutvalet 14. februar.

Blir for dyrt

Fram til no har nemleg regelverket i Os kommune sagt at 1 % av byggjekostnadane ved kommunal utbygging skulle setjast av til kunstfond. Regelverket blei innført i 1992, då med 2 %.

Men den då store utbygginga på Lysekloster skule i 1997 gjorde at kommunestyret gjekk ned til 1 % av byggjekostnadene.

Grunngjevinga den gong var at ei så stor utbygging ville medføra ei «urimeleg» stor del til kunstfond i høve kommunen sine rammer.

– Med våre store investeringar, siste åra og i åra som kjem, er vi i same problemstilling. Sidan investeringane i stor grad er lånefinansierte, vert kvart prosjekt «knadd» opp til fleire gongar for å få kostnadene ned, og vi sparer så godt vi kan på inventar og utstyr.

– Store faste avsettingar til «kunstfond», utan nærare vurderingar og prioriteringsdebatt, verkar då urimeleg for tilsette og brukarar, argumenterte rådmannen i saksframlegget.

Om ein tek utgangspunkt i skulebruksplanen skulle det til saman vore sett av 3,15 millionar kroner til utsmykning av skulane som har blitt bygd/rusta opp.

Vil heller knytta til seg kompetanse

Ifølgje det gamle regelverket skulle kommunestyret for kvar valperiode velja ein kunstkomité med følgjande samansetjing: éin frå Os Kunstlag, éin frå Os Bygdakunstlag, to frå Kulturutvalet og éin frå kulturadministrasjonen i kommunen.

– Dette har vore eit sovande regelverk i eigen organisasjon. Etter å ha undersøkt i andre kommunar viser det seg at det er sovande også ellers i landet.

– Eg meiner difor det er betre å la formannskapet styre dette om de ein gong vil gjera ei satsing på området.

– De har, som økonomiutval, oversikt over kommunen sin økonomi og kan knytta til dykk kunstfagleg kompetanse om de vil søkja på dei statlege KORO-midla, forklarte rådmannen.

– Eg er ikkje heilt einig i innstillinga sitt punkt 2 om at formannskapet skal forvalta utsmykningsfondet. Vi må ta inn over oss kva som skal vurderast av formannskapet og kva som skal vera ei fagleg vurdering. I staden burde vi gjera som Bergen kommune, som så vidt eg veit har eit utval med to politikarar, to kunstfaglege og eitt arkitektfagleg medlem, argumenterte Jon Sivert Rykkel (V).

Rykkel fekk ikkje gjennomslag for sitt framlegg og blei den eineste som stemte mot punkt 2 i framlegget til vedtak. Dei andre punkta blei samrøystes vedtekne.

Slik skal kunsten handterast

Etter voteringa kom formannskapet med det fram til følgjande nye retningslinjer for kunst i det offentlege rom i Os kommune:

1. Retningslinjer for kunstnarleg utsmykking i Os kommune, jfr K.sak23/92, og 130/97, går ut.

2. Formannskapet, eller eit utval av dette, får oppgåve som forvaltar av kommunen sitt «utsmykkingsfond» , i den grad det er sett av slike midlar. Formannskapet får fullmakt til å knyte til seg kunstfagleg kompetanse. Dette må i alle høve gjerast dersom ein vil søke midlar frå det statlege fondet (KOROS). Formannskapet sitt disposisjonsfond kan og nyttast til føremålet.

3. Føremålet med eit evt utsmykkingsfond er å sikre offentlege midlar til utsmykking av kommunale bygg og offentlege plassar, samt midlar til kommunal innkjøpsordning for kunst. Det bør leggjast vekt på utsmykking av representative bygningar og bygningar og plassar der mange folk ferdast. Krav til kunstnarleg kvalitet skal alltid være eit overordna omsyn. Ved tildeling av evt arbeidsoppdrag skal ein også ta omsyn til kunstnarar med tilknyting til distriktet.

4. Kommunestyret vurderer ved kvart budsjett og slike midlar skal setjast av. Ved handsaming av rekneskap skal kommunestyret vurdere om evt overskott skal avsetjast til fond og i kva grad midlane skal øyremerkjast.

5. Rådmannen vert delegert ansvar for å katalogisere, vurdere eigartilhøve, syte for tryggleik og forsikring for kunst på kommunal eigedom/i kommunal eige.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.