Sport | 30. jan. 2017

Vil tilbake etter «kinderegg-skade»

Sander leverte årsbeste i ein halvtime mot Bjarg. Så rauk både korsband, leddband og menisk.

Vil tilbake etter «kinderegg-skade»
Sander Fagerbakke Kvittingen (20) skadde kneet tre plassar i éin smell heime mot Bjarg. No er han operert og klar for å bruka 2017 på å koma seg tilbake. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 30. jan. 2017 08:02

Det var ein av dei to siste, avgjerande rundane til Os. Bjarg var motstandar og Hassan El Fakiri hadde lagt om til to spissar. Endringa fekk effekt, Bjarg-forsvaret blei truga av Stian Lunde og Sander Fagerbakke Kvittingen, og Kvittingen sin duell etter innlegg av Endre Brenne var avgjerande for at Erik Kanestrøm sette inn 1-0-skåringa.

• Les òg: Knuste Bjarg i siste heimekamp

– Eg hadde hatt ei veldig god treningsveke og følte meg i god form. Eg var ikkje heilt nøgd med mengda speletid tidlegare i sesongen og var dessutan tent på å visa meg fram, fortel Sander.

Kampen enda med 6-2-siger, men Kvittingen fekk berre herja med Bjarg-forsvaret i ein drygt halvtime, så var det slutt.

Prøvde å spela vidare

– Eg skulle takla ein motspelar med venstre fot. Eg sto på høgrefoten og kjente at det kom ein smell i kneet.

Når korsbandet ryk kan smerten gå fort over. Kvittingen kom på banen igjen, tok ei vending, og måtte av banen igjen med éin gong.

Leddbandet var strekt, korsbandet var røke og menisken hadde fått ein skade.

– Det var nok mine beste minutt i fjor, fram til eg blei skadd, seier Sander, fast bestemt på å koma tilbake.

Nok ein vinter på styrkerommet

I 2015 mista han eit halvt år grunna brot i handleddet. Gipsen måtte han ha på i heile 20 veker.

I fjor vinter mista Sander ein månad av oppkøyringa. Årsaka var problem med det andre kneet.

– Dei fann aldri ut kva det var, anna enn spente musklar, men det kom seg med god vegleiing og trening.

Etter skaden 15. oktober i fjor måtte han venta på at leddbandet skulle gro før han fekk operert korsbandet 1. desember. Rett før jul kasta han krykkene, no er han på styrkerommet på Actic igjen.

Gode resultat og sterkt støtteapparat

Det er lett å få inntrykk av at Sander snart er ein veteran, men den ruvande angrepsspelaren er berre 20 år (fyller 21 i mai).

• Les òg: Ekte hattrick mot Voss (G16 i 2012)

Han debuterte som 15-16-åring og var med A-laget på treningsleir i Tyrkia i 2013.

I 2015 skåra han sine to første for A-laget i to kampar på rad i vårsesongen, samtidig som han var effektiv for Os 2, som rykte opp til 4. divisjon det året.

Kvittingen har ikkje plan om verken å legga opp eller å trappa ned.

– Det har vore mange tankar, men no er eg veldig innstilt på å koma tilbake.

– Eg får god støtte av Hassan og Ørjan (Håland), og eg får hjelp av fagfolk med god kjennskap til toppidrett, seier Sander, og ramsar opp naprapat Alexander Linkvist, lege Thomas Harlem og fysioterapeut Jarle Pedersen.

Torsdag var Sander på sjekk på Haraldsplass.

– Alle resultata var fine, bortsett frå strekk og bøy. Eg var visst litt stiv.

Likevel mister han truleg nærmast heile sesongen i år.

– Til sommaren kan eg kanskje byrja å trena med ball, om alt går bra, og om ni månadar kan eg vera kampklar. Eg er med andre ord heldig om eg får meg ein kamp eller to i år.

– Det får heller bli eit år med restitusjon. Eg går innom treningsfeltet innimellom, mens gutane er i sving. Det kribler i beina når eg står på sidelinja, samtidig kjenner eg at det hjelper å vera der.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.