Kate Odsylv Sundt er ein av tre seremonileiarar i HUFO på Vestlandet (foto: Andris Hamre)

Vil tilby eit alternativ

Kate frå Nordstrøno og HUFO vil tilby eit alternativ til tradisjonelle seremoniar.

Av: Andris Hamre

Humanistforbundet (HUFO) blei etablert i 1997 og har sidan då blant anna tilbydd seremoniar til alle fasar i livet.

– Vi har mykje til felles med Human-Etisk Forbund, men er ikkje det same. Hos oss kan du bli medlem anten du er religiøs, ateist eller agnostiker. Vi er eit uavhengig livssynssamfunn for alle humanistar. Vi ser heile mennesket, og naturen. Vi treng noko meir enn berre religion eller vitenskap, meiner Kate Odsylv Sundt, styremedlem i HUFO, busett i Nordstrøno.

Seremoniar etter folk sine ønskjer

Sundt fortel at dei er opptekne av å fremja eit bra menneskesyn, uansett kven du er.

– Vi tilbyr også ulike seremoniar som mentorfest, tilsvarande namnefest eller dåp. Dette er ei feiring av sjølve livet tilpassa foreldra sine ønskjer. Akademiske konfirmasjonar, som vi førebels tilbyr i Oslo og Trondheim, men som eg håper vi etterkvart også kan tilby på Vestlandet.

– Vi tilbyr også vielser, som er det eg har gjort mest av, og gravferd kor familien sine ønskjer for seremonien står sentralt.

– Det gjer det forøvrig i alle dei ulike sermoniane. Vi kan halde dei heime hos deg om du ønskjer det, eller på ein plass som betyr mykje for den det gjeld.

– Ta til dømes vigslar. Dei tilpassar vi til paret når det gjeld når, kor og korleis. Vi strekk oss langt for kjærleiken. Folk har ulike ønskjer og då skal vi tilpassa oss dei og ikkje motsett, seier Sundt som fortel at organisasjonen har omlag 250-300 vigslar årleg på landsbasis.

– Det strekk seg frå Kautokeino i nord til Kristiansand i sør. Vi jobber stadig for å breie det meir utover. I dag er vi tre sermonileiarar på Vestlandet, snart kanskje fire, så vi klarer å dekkje ganske mange. Vi tilbyr også seremoniane på fleire språk. Det sentrale er at seremoniane skal vera personlege og høgtidlege, avsluttar Sundt.