Lokal | 20. mars 2018

Vil trappa ned Osfest-støtta

Formannskapet løyver 250.000 i 2018, men seier at støtta vil bli halvert i 2019 og nulla ut i 2020.

Vil trappa ned Osfest-støtta
Formannskapet sendte eit tydeleg signal om at Osfest ikkje kan venta seg kommunal støtte til evig tid (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 20. mars 2018 10:39

Ikkje uventa blei det diskusjon om kommunen si støtte til Osfest då formannskapet tysdag handsama søknaden frå festivalen om ei årleg støtte på 500.000 kroner. Kutursjef Lisbeth Axelsen hadde innstilt på at Osfest 2018 skulle få 200.000 kroner og ikkje at dei skulle bli ein fast post på kommunen sine budsjett.

Ville flytta midla

Nils-Anders Nøttseter (MDG) har vore kritisk til kommunen si støtte til festivalen og gjekk i møtet inn for at ein i staden for å støtta festivalen skulle overføra dei 200 000 kronene frå formannskapet sitt disposisjonsfond til KUP-midlane.

– Eg er ikkje overbevist om at Osfest-konseptet er den beste måten på å bruke så mykje pengar. Eg ønskjer heller å spreie dei meir ut på kulturområdet, argumenterte Nøttseter.

Tydeleg nedtrapping

Espen Aspenes og Eirik André Hesthamar frå Frp fremja på vegne av Frp/H eit annan alternativt framlegg, men med eit tydeleg signal om at det går mot slutten av støtta til festivalen.

– Vi vil støtta dei med 250.000 kroner i år, men halvera dette til neste år om festivalen vel å søka då og ytterlegare redusera det ned til null eller KUP-nivå i 2020. Bakgrunnen for dette er at vi frå 2020 er ei ny kommune og vi veit ikkje korleis vi vil handtere desse områda då, forklarte dei to.

Skulle vera fødselshjelp

Då søknaden frå Osfest første gang kom opp, var politikarane tydelege på at dei skulle vera ein fødselshjelp under oppstarten.

– No har vi ikkje klart å følgje det opp politisk, men vi ønskjer å vera litt tydelegare og skarpare på at dei må klare seg utan kommunal støtte i framtida.

Framlegget frå Frp/H fekk støtte frå Arbeiderpartiet og Venstre.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.