Lokal | 02. des. 2017

Vil utfordra Russeservice

Unge gründerar med eigen kolleksjon for russen.

Vil utfordra Russeservice
Harry Moore, Lars Hadler-Olsen, Vegard Skeie og Alexander Tøssebro står bak Russehuset (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrelørdag 02. des. 2017 16:08

På julemessa i Nore Neset Aktivitetshus er to av ungdomsbedriftane på Os Gymnas på plass. Owks Clothing sel sit eiga klesmerke.

– Vi vil utfordra det monopolet som Russeservice har på utstyr til russen. Vi vil ikkje koma med kolleksjonen før vi sjølv er russ i 2019, men vi er her for å auka eigenkapitalen gjennom å selja andre produkt frå leverandøren vår.

– Håpet er at vi kanskje slepp å legga så mykje ut sjølv når vi skal kjøpe inn varene neste år, fortel Vegard Skeie, produktansvarleg i Russehuset UB.

Skeie driv verksemda saman med Lars Hadler-Olsen, Alexander Tøssebro og Harry Moore, alle elevar ved Os Gymnas.

Godt mottatt

Sjølv om dei ikkje ser for seg å starta med russeprodukta før neste år, så har dei allereie presentert ein prøvekolleksjon for årets russ.

– Det blei veldig godt mottatt. Vi har laga vareprøver som vi har vist fram. Dei som har sett dei var veldig positive. Nokre lurte faktisk på om dei kunne få kjøpa vareprøvene.

Vil ha vekk kjøpepresset

Dei unge gründerane fortel at dei vil gjera det enklare og billigare for russen å feira russetida.

– Russeservice sel ein heil haug med produkter som ikkje er relevante. Vi har eit mål om å ha fem produkter. Russelua, drakta, korta, genser og bandana.

– Vi vil gjera det enkelt for russen og ta vekk fokusen på kjøpspresset som er blant russen. Du treng ikkje nytta fleire hundretusen for å få ei fin russetid. Den skal vera gøy for alle.

– Ambisjonane er på sikt om å bli noregs største russeaktør, avsluttar dei fire gründerane.

For å reisa eigenkapitalen står dei på Nore Neset denne helga og på julemarknaden i Os sentrum neste helg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.