Lokal | 23. apr. 2014

Vil utgreia eigedomsskatt

I ein interpellasjon til kommunestyret ber Krf om at administrasjonen utgreiar eigedomsskatt.

Vil utgreia eigedomsskatt
Helge Olav Nygard sit i kommunestyret for KrF (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 23. apr. 2014 07:18

Krf gjekk til val på at det ikkje skulle innførast eigedomsskatt i Os kommune i inneverande valperiode fram mot 2015. No ber dei likevel om at administrasjonen får i oppdrag å utgreie dette i løpet av 2014 gjennom ein interpellasjon til kommunestyret kommande tysdag.

– Os KrF meiner at ein ansvarleg tilnærming til våre økonomiske utfordringar blant anna fordrar ei gjennomgang av kommunen sine potensielle inntekter. Uansett ståsted i høve til eigedomsskatt er det viktig at debatten skjer på best moleg sakleg grunnlag.

– Vi meiner difor det er fornuftig å utgreie kva moglegheiter Os kommune har for eigedomsbeskatning og kva inntektspotensiale dette gjev kommunen, både direkte og indirekte gjennom økte statlege overføringar.

– Vi ser det som teneleg at denne utgreiinga skjer i eit "mellomår" og ikkje i valåret 2015 og håpar dette vil leggje ein demper på den politiske retorikken rundt det pågåande arbeidet, skriv Krf i interpellasjonen.

– Ikkje noko ekstragavant

Bakgrunnen for at KrF fremjer interpellasjonen er kommunen sin anstrengte økonomi, då spesielt knytt til primærtenestene innan Helse og omsorg og Kultur og oppvekst. Sjølv om årsrekneskapen for 2013 syner eit overskot, er meirforbruket på driftssiden på 6,8 millioner kroner, trass i ei stram økonomistyring.

– Rapporter frå skuler og foreldreutval teikner eit bilete av ein undervisningssituasjon med dårleg tilgang til naudsynte ressurser. Ønska tiltak som politikarar og administrasjon gjerne skulle ha iverksatt blir redusert eller bortfaller grunna økonomiske begrensningar.

– Slik KrF opplev situasjonen er det ein breid politisk einigheit rundt dei store økonomiske rammene som blir tildelt dei ulike områad. Det er få eller ingen utgiftsposter som oppleves som ekstragavante.

Ikkje meir å henta

KrF vil eigentleg ikkje innføra eigedomsskatt, dels då dei meiner at primærtenesten som blir pålagt bør finansierast gjennom overføringar frå staten og ordinær personbeskatning og fordi eigedomsskatt kan gje ein uheldig sosial verknad om den blir innført for alle husstander i kommunen.

Trass dette ber dei likevel administrasjonen utgreiie moglegheiten.

– Situasjonen er som den er. Anten må ein senka innbyggjerane sine forventningar til tenestene kommunen skal tilby eller så må ein auke inntektene.

– Os KrF har ikkje tro på at det er meir å hente på generelle effektiviseringstiltak - her er det meiste av gevinster henta ut, heiter det i interpellasjonen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.