Lokal | 14. des. 2014

Vil utviding gje handelslekkasje?

Vil ei utviding av Kiwi Moberg gje handelslekkasje frå sentrum eller vera eit godt miljøtiltak for mindre biltrafikk?

Vil utviding gje handelslekkasje?
Kiwi Moberg vil utvida butikken og parkeringa der det kvite huset på bilete ligg (foto: Andris Hamre)
Andris Hamresøndag 14. des. 2014 08:27

Det blei mykje av debatten då Plan- og bygningsutvalet hadde 1. gongs handsaming av endringar i reguleringsplanen for Kiwi Moberg. Butikkjeda har kjøpt nabotomta og søkjer no om å få utvida butikken noko, samt å få ein større parkeringsplass.

– Dette ser ut til å gje betre trafikkforhold. Her er det berre å kjøra på, kommenterte Torill Keys (Ap).

Det siste var ikkje Terje Sperrevik (Tvs) heilt einig i og ønska ein debatt om kva vil ei utviding på Moberg gjera i høve Os sentrum.

– Eg er engsteleg for handelslekkasje frå Os sentrum og opp der.

– Vi flyttar litt og litt ut fra sentrum og til fleire plasser rundt i bygda.

– Det heile starta med Flåten, så har Meny og no ei utviding på Moberg.

– Hadde det ikkje holdt med den butikken som er der, som ein nærbutikk, undra Sperrevik.

– Mindre transport er grøn politikk

Den uroa fekk han lite støtte frå dei andre i utvalet på. Sjølv Harald Døsen frå Ap, som ofte står saman med Sperrevik i plansaker var ueinig.

– Eg er heilt ueinig med deg Terje.

– Den første som flytta daglegvarehandel ut av sentrum var Drageset i si tid, då til Haugsneset og etterkvart over heile vestlandet.

– Eg trur ikkje ei utviding på Moberg vil gje handelslekkasje.

– Om vi derimot får handelen ut i krinsane, så reduserar vi transportbehova ganske mykje. Slik sett er dette grøn politikk, meinte Døsen, noko Sperrevik kunne si seg einig i.

Eit samrøysta plan- og bygningsutval gjekk inn for å leggja planforslaget ut til offentleg høyring.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.