Mannen som før jul ringte på hos eit eldre ektepar kom ikkje frå brannvesenet (ill.foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Politiet åtvarar mot falsk «inspektør»

Mann sa han ville sjekka røykvarslarane hos eit eldre ektepar. Verken brannvesenet eller politiet veit kven vedkomande er.

Av: Andris Hamre

Den siste tida har det i bergensområdet vore rapportert om falske brannmenn som har prøvd å koma seg inn til folk ved å seia at dei skulle sjekka røykvarslarane deira.

– Vi fekk i dag melding om at det i slutten av desember var eit eldre ektepar i Mobergshaugane som fekk besøk av ein mann som ringde på døra.

– Han sa at han ville sjekke røykvarslerne i huset deira, fortel politioverbetjent Rune Fimreite ved Os lensmannskontor.

Viste ikkje legitimasjon

Mannen skal ikkje ha vist legitimasjon, men ønskja å koma inn i huset.

– Han var i 20-åra, mørkkledd i noko som kunne likna på ein uniform, og snakka norsk. Ekteparet sleppte ikkje inn mannen, og har i ettertid ringt brannvesenet, som opplyste at han ikkje var frå dei og at dei ikkje har hatt noko aksjon i det aktuelle området, seier Fimreite.

– Vi ønskjer å gjera folk merksame på dette, og ber andre som opplever tilsvarande at dei ringer oss, slik at vi kan få sjekka identiteten på vedkomande, avsluttar politioverbetjenten.

Om det er fleire som får besøk av tilsvarande mann/personar ønskjer lensmannskontoret melding om dette på telefon 02800.