Lokal | 20. nov. 2017

Vinnaren får brygga hos Bjørnafjorden

Oseana ølfestival er tilbake. Heimebryggarkonkurransa får ny hovudpremie.

Vinnaren får brygga hos Bjørnafjorden
Oseana arrangerer igjen ølfestival, no i samarbeid med Bjørnafjorden bryggeri (foto: Andris Hamre)
Andris Hamremandag 20. nov. 2017 11:24

Laurdag 30. juni er det igjen duka for ølfestival på Oseana etter eitt års pause, og det med fleire nyheiter.

Nystarta Bjørnafjorden bryggeri blir med som hovudsamarbeidspartner og stiller med hovudpremien i heimebryggarkonkurransen.

– Det er Bjørnafjorden bryggeri som tek seg av konkurransen. Meir informasjon om detaljane i stiler øl det skal konkurrerast i kjem seinare, fortel Berit Steen, arrangementssjef på Oseana.

– Det finst mange habile heimebryggarar i Osbygda, vi vil nok utfordra dei litt, slik at dei må ut av komfortsona, smiler Tarje Skeie og Cato Larsen frå Bjørnafjorden bryggeri.

Får brygga kommersiellt

Hovudpremien i konkurransa er at vinnaren får brygga ølet sitt på Bjørnafjorden bryggeri sitt utstyr.

– Vinnaren får brygga ein batch hos oss. Ølet vil bli å få lokalt med spesiallaga etikett med namnet på bryggaren eller bryggarlauget. Vi vil tru det er interesse hos utestadene og restaurantane i Os å ta det inn, seier dei to bryggarane.

Blir ein del av Osdagane

Ølfestivalen blir ein del av Osdagane, som er nysatsinga frå Os sentrum som ein vidareutvikling av marknadsdagane.

– Dei er framleis i støpeskjea, men målet er at det skal bli fleire dagar, kor det skal skje mykje forskjellig samstundes. Det første vi no går ut med er ølfestivalen. Det kjem meir.

– Det som er ekstra kjekt er at vi har fått eit nytt bryggeri i bygda som blir med og tar det faglege ansvaret for festivalen. Når ein i tillegg kombinerar det med Oseana sin arrangementskompetanse, så ligg alt tilrette for ein kanonbra festival, seier William Lindborg, leiar i Os sentrum.

Har vore etterlyst

Ølfestivalen tok i 2017 pause etter å ha vore arrangert både i 2015 og 2016.

– Bryggeria som var med oss dei første to åra har vore i oss og lurt på om vi ikkje skulle arrangera ølfestival igjen. Det skal vi, og vi set oss høge mål, seier Steen.

Vil dobla

Måla er hårete, men realistiske.

– Vi vil dobla både talet på utstillarar og på publikum. Klarer vi det, så snakkar vi om 15-16 ulike bryggerier og rundt 1000 publikummarar. Det trur eg vi skal få til når vi no har slått oss saman gutane frå Bjørnafjorden bryggeri, seier Steen.

– Målet er at vi gjennom vårt kontaktnett skal kunne klara å finna nokre litt ukjente bryggeri. Vi har jo våre favorittar som vi håper å "lura" hit. Det er no så mange bryggeri som gjer "rare" ting og som har vekka opp igjen gamle øltradisjonar, som tildømes Kveik-øl med unike gjærstammar som har vore holde liv i i mange år. Nokre av desse håper vi å få hit, seier Skeie og Larsen.

Kva vil folk ha?

Sjølve festivalen vil følgje mykje av den same strukturen som tidlegare med smaking, heimebryggarkonkurranse, lokalmat tilpassa øl og foredrag/kurs.

– Vi har jo nokre tankar om kva som kan vera interessant å høyre om, men om det er nokon som har innspel eller ideear så er det berre å sende oss ein epost på post@bfbryggeri.no, avsluttar dei to.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.