Fredrik Seliussen gav ei oppdatering av status på Lyseparken-prosjektet på budsjettkonferansen (foto: Andris Hamre)

Vinddalsvatnet - eit kraftfullt energibatteri

Lyseparken • Vinddalsvatnet og solenergi sentralt i energimiksen.

Av: Andris Hamre

Utviklingsdirektør Fredrik Seliussen gav onsdag formannskapet og gruppeleiarane i kommunestyret ei statusoppdatering på framdrifta av det kommunale næringsområdet i Endelausmarka, betre kjend som Lyseparken.

– Det er ein krevande prosess vi er inne i, og eg får stadig spørsmål om kva gjer de på. Sit de berre på kontoret og klør dykk på ryggen, innleia Seliussen til latter frå politikarane før han i litt meir alvorleg held fram.

16 parallelle utgreiinga

Han kunne raskt slå fast at dei ikkje berre sat i ro, men at det er eit omfattande utgreiingarbeid som går føre seg.

– Akkurat i dag køyrer vi 16 parallelle utgreiingar og prosjekt. Alt må utgreiiast og gjennomførast. Det meste skal vera i boks i løpet av utgangen av dette året. Vi har då spesielt fokus på klima, miljø, energi og IT. Vi trur det der der vi skal klare å skille oss ut frå dei andre, forklarte Seliussen.

Vinddalsvatnet sentralt

Nettopp denne kombinasjonen har vore sentral i det innovative energiløysingsprosjektet ein har fått støtte på to millionar frå ENOVA på.

– Det er det første prosjektet i Noreg som har fått godkjent støtte på 2 millionar kor ein skal finna innovative energiløysingar frå jomfrueleg land. Til å gjera det har vi mange med oss på laget.

– Før vi byrjer å planlegge optimale energiprogram har vi måtte kartlegge lokale energiar. Det store der er Vinddalsvatnet som er seksti meter djupt og held konstant 4 grader nede i djupet. Det er eit enormt kraftfullt energibatteri.

– Vindenergi satte vi kjapt strek over, men solenergi er særs interessant.

– Der har vi interessante målingar. Solenergi er ikkje berre snakk om sol, men lys som som gir energi. Fordelen til Endelausmarka er at vi, med unntak av desember, januar og februar, har lange døgn med mykje lys og lav luftforureining. Det gir mykje energi.

– Med Vinndalsvatnet, sol og uteluft skal vi kunne gjera Lyseparken energimessig sjølvforsynt, meinte Seliussen.

Vil utnytta overskotsenergien

For å klara å gjera Lyseparken sjølvforsynt vil ein utnytta dei ulike verksemdene som skal inn der.

– Vi planlegg at dei ulike verksemdene skal utnytta kvarande sin overskotsenergi. Difor må vi byrja med å planlegge det som er under bakken før vi planlegg planering og bygga oppå bakken. Vi vil ha klynger med bedrifter som produserer energioverskot og som har energiunderskot bygd saman.

Har utfordra datasentra

Seliussen kunne avsløra at ein er i dialog med fire konkrete interessentar innan datasenterdrift og utvikling.

– Verden digitaliserast og nye forretningsmodellar utviklast. Datasentra er sjølve plattformen i dette. Noreg er rangert som nummer to i verda over plasser som er eigna for datasentre.

– Desse krev mykje plass, men gir få direkte arbeidsplassar. Samstundes trekk dei til seg kompetansearbeidsplassar som vi er på jakt etter.

– Vi har utfordra bransjen litt. Må ein nødvendigvis tenkje dei store frittståande datahallane, eller kan ein integrere det i kjellarar og førsteetasjar? 4000 kvadratmeter datahall, kan varme opp 6000 meter kontor. Vi har allereie fått forslag på slike løysingar, fortalde utviklingsdirektøren.