Sport | 26. feb. 2017

Vinterens første siger

Lysekloster har spelt sin tredje treningskamp.

Vinterens første siger
Denis Ljubovic og Lysekloster vann 3-1 heime over Fyllingsdalen i fjor, men tapte 3-1 borte. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 26. feb. 2017 21:46

Laurdag spelte Lysekloster treningskamp mot Fyllingsdalen i Vestlandshallen.

Fyllingsdalen tok fem poeng meir enn Lysekloster i fjorårssesongen i 2. divisjon, oppgjera mot Lysekloster enda 3-1 og 1-3 i 2016.

– Spelemessig var vi jamne i dag. Fyllingsdalen har berre mista to spelarar, fptt inn nye og er nok blant dei som vil kjempa i toppen i år.

– Fyllingsdalen hadde ballen ein del, men skapte berre 3-4 sjansar. Vi skapte meir, fekk utteljing og heldt nullen, seier Lysekloster-trenar Ruben Hetlevik.

Lysekloster - Fyllingsdalen 2-0 (1-0)
Målskårarar: Tommy Gaustad og Kristoffer Østervold

– Tommy gav oss 1-0 etter rundt ti minutt, Kristoffer auka til 2-0 i 75. minutt.

– Kristoffer si skåring var på halv volley frå 20 meter, kampens beste prestasjon! meiner trenaren.

Neste treningskamp på heimebane

Lysekloster har spelt to treningskampar tidlegare i vinter, mot Åsane (0-1) og Vard Haugesund (2-2).

– Dei neste treningskampane går heime i Lysefjorden, fortel Hetlevik.

Neste motstandar er nok ein komande seriemotstandar i Regionsligaen i år, Stord, som kjem til Framo Lysekloster idrettspark førstkomande laurdag.

• Midtsiden samleside: Lysekloster fotball

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.