Kultur | 13. juni 2017

Viser meir enn vokal i eige sommarshow

Join Us inntar den nye storsalen med drama, dans og song.

Viser meir enn vokal i eige sommarshow
Join Us med dirigent Sanne Moesgård (oppe t.v.) held sommarshow i Kyrkjelydshuset til helga. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 13. juni 2017 21:30

Tidleg på kvelden laurdag vil Join Us tensing skapa sommarstemning i den nye storsalen i Kyrkjetunet.

Den einaste konserten dei har hatt det siste halve året, etter jula, då NRK filma julegudstenesta, var nettopp i storsalen, dagen etter opningsfesten.

– Vi gler oss veldig, seier dirigent Sanne Moesgård på vegne av dei 15-20 medlemmane i koret.

– Vi hadde ekstra mange med oss fram mot konfirmasjonane. Nokre nye medlemmar blei det òg, samtidig som nokre dessverre har slutta. Men vi er mange nok til å laga eit bra sommarshow!

Stiller med fleire «fag»

«Syng det ut!» er tittelen på den eine låten koret skal synga, og tema for sommarshowet. Det er nemleg show, ikkje berre konsert, tensingkoret vil by på.

– Éin dag i månaden øver vi på andre ting enn song, som drama, dans og teknikk. Vi har òg 4-5 musikarar blant kormedlemmane, og fleire deltar dessutan innan det tekniske, med lys og lyd.

Medlemmane i koret er frå 13 til 18 år i alder.

Ved sidan av eigne folk på trommer, bass, gitar og tangentar, har dei med seg ekstern hjelp på trommer og piano.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.