Lokal | 28. des. 2012

"Visningssenteret" er selt

Etter 4-5 år i marknaden har Os kommune no funne kjøpar til det store, karakteristiske næringslokalet i "Vindu mot Fjorden" i Hamnevegen.

"Visningssenteret" er selt
Visningssenteret ligg fint til ved Oselvarnaustet og Oselvarhopen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 28. des. 2012 14:35

I bustad- og næringsprosjektet "Vindu mot Fjorden", som blei bygd på fyllinga i Hamnevegen i 2005 og 2006, kjøpte Os kommune eit cirka 500 kvadratmeter stort næringslokale på gateplan.

Lokalet, som fekk kallenamnet "Visningssenteret", var ei stund tiltenkt å bli eit visningssenter for oselvaren og kystkulturen i Os, men i 2008 blei det bestemt at kommunen skulle prøva å finna leigetakar eller kjøpar til lokalet.

– Vi har i haust vore i dialog med ein seriøs interessent, og nokre timar før eg tok juleferie fredag 21. desember blei vi eininge, stadfestar ordførar Terje Søviknes.

Signerer i januar

Kommunen og kjøpar har stadfesta avtalen skriftleg, men kontrakt skal først signerast over nyttår.

– Eg vil førebels ikkje ut med sum eller namn på kjøpar, seier Søviknes.

Os kommune har som kjent budsjettert med 10 millionar kroner i inntekt på sal av lokalet, der pengane skal gå inn i finansieringa av Oseana.

– Men vi er nøgd med at lokalet endeleg er selt.

Kommunen har i jula ikkje fått varsla kunstnarane som i dag bruker lokalet. Det er også uvisst kor lenge dei kan bli verande i Visningssenteret.

ABO kjøper lokalet

Midtsiden har høyrt rykte om at ABO Plan & Arkitektur AS, som i si tid teikna prosjektet, og som i 2006-2007 flytta kontoret sitt til 2. etasje i Vindu mot Fjorden, er kjøparen av Visningssenteret.

– Det stemmer at vi har stadfesta at vi vil kjøpa lokalet, og at vi signerer kontrakt med Os kommune rett over nyttår, seier Lars Christensen.

ABO eiger eigne lokale i etasjen over og har i tillegg kjøpt fleire næringslokale på gateplan, blant anna der GH Interiør hadde butikk, eit lokale ABO no bruker som tilleggsmøterom.

Christensen seier ABO har planar om kva dei vil bruka Visningssenteret til, noko Midtsiden kjem tilbake med i eige intervju i neste veke.

Få interessentar

– Har det vore heilt stille i marknaden desse åra, eller har det vore nokre interessentar?

– Det har vore enkelte interessentar. Nokre har vore interessert i delar av lokalet, at vi skulle dela det opp, andre har vore ineteressert i å bygga bustad der, seier Søviknes.

– Men sidan det er på gateplan, i eit område der mange ferdast, har vi ikkje hatt lyst til at det skal bli bustad i dette lokalet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.