Lokal | 10. nov. 2017

Viste fram Osøyro

Regionalavdelinga i fylkeskommunen på synfaring. – Nyttig for oss, seier Aina Tjosås.

Viste fram Osøyro
Planavdelinga i fylkeskommunen fekk torsdag ei omvisning på Osøyro (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamrefredag 10. nov. 2017 07:41

Det har sjelden vore ei så stor gruppe på vitjing på Osøyro som då regionalavdelinga i fylkeskommunen var på vitjing torsdag førmiddag.

– Dei er viktige aktørar for oss i arbeidet med å utvikla Os. Difor hadde vi rigga oss godt til dei skulle komma. Vi snakka på inn og ut-pust for å rekkje å fortelje alt vi ville i løpet av den tilmålte tida, fortalde Aina Tjosås, kommunalsjef for samfunnsutvikling i plan- og bygningsutvalet (PBU) rett etterpå.

Fekk slakt

På budsjettkonferansen dagen før hadde fleire av lokalpolitikarane og tilsette gitt uttrykk for ein viss frustrasjon over fylkesadministrasjonen etter eit møte i planforum kor kommunen ikkje opplevde å få særleg gehør. Det gjentok seg i PBU.

– Vi har andre utfordringar enn dei ser, oppsummerte Tjosås nøkternt.

Harald Døsen (Ap) som representerte oposisjonen i planforumet sa det i litt sterkare ordelag.

– Eg fekk litt bakoversveis når Lyseparken kom opp. Det var nesten som eg følge vi fekk kjeft. Det var ikkje noko behageleg oppleving. Eg trudde vi skulle samarbeida litt meir, men her var det slakt, fortalde Døsen.

IKEA på Øyro?

Blant anna held fylkesbyråkratane seg strengt til regionale planar som areal- og transportplan og plan for senterstruktur. To planar som i liten grad tek innover seg den utviklinga Os er i.

– Eg sit med same bilete som Døsen. Eg lurer litt på om dei lever i ein annan tidsalder og er lettare rysta. Det føltes som om dei er på 70-talet i høve nokre av uttalelsane.

– Eg lurer også på om dei kjenner Os, når dei er bastante på at IKEA bør ligga i sentrum. Om ein ser på bydraget vårt, så er ikkje det veldig stort. Det er noko med fornuften og realismen i det dei kjem med, poengterte May Britt Haringstad (H).

– Det er derfor det er så nyttig for oss at dei tok seg tid i dag til å møta oss og få ei omvisning på Osøyro. Eg trur dei blei overraska når dei var på Os. Vi fekk blant anna vist fram ei perle dei ikkje var klar over med Telthusplassen. Når vi får slike henvendelsar så stiller vi uansett. Det er viktig å ha ein dialog med dei, oppsummerte Tjosås.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.