Viste god genetikk i Trondheim
SalmoBreed stilte under eigarane Benchmark sin paraply under Aqua Nor.
SalmoBreed var blant dei 600 utstillarane under årets Aqua Nor i Trondheim, for første gong på fellesstand med eigarane sidan 2015, børsnoterte (London) Benchmark. Selskapet har dei siste to åra auka frå 260 til nærmare 1000 tilsette.
– Vi måtte jo terga eigarane litt, så vi lagde eit arrangement med britisk aften, der vi rigga engelsk pub, serverte fish ’n’ chips og viste den berømte kampen der Norge slo England på storskjerm, fortel marknadsdirektør Birgitte Sørheim.
Fekk fiskeriminister på besøk
Pubkvelden kom etter eit vellykka seminar dei arrangerte under messa.
– Det er tett program under Aqua Nor, med mange faste årvisse arrangement, så det var litt vanskeleg å veta kva som var rett tidspunkt og kor mange som ville koma.
– Seminaret handla om reinsing av vatn etter lusemiddelbehandling. Vi ville vore nøgde med 50 deltakarar og var glade då heile 180 kom for å høyra på. Også den islandske fiskeriministeren var innom.
Ekspertise frå Lønningdal
SalmoBreed leverer rogn til Norge, Storbritannia og Færøyene, og noko mindre volum til europeiske land som Danmark og Polen.
SalmoBreed Lønningdal husar heile avlskjera til SalmoBreed, med 350 unike familiar. Dei produserer i tillegg smolt som skal bli stamfisk, totalt rundt 300.000 smolt i året.
Standen i Trondheim var på 77 kvadratmeter med 70 tilsette frå ulike Benchmark-firma.
Frå SalmoBreed i Lønningdal stilte driftssjef Tom Olsen, driftssjef, teknisk ansvarleg Frode Ormehaug og røkter Heidi Skjønhaug.
– Det var godt å ha fagfolk frå drift på stand, dei kunne svara på spørsmål frå fleire av gjestane på standen. Samtidig hadde vi det travelt med òg å besøka leverandørane våre sine stands, seier Sørheim.
Les meir om historikken til selskapet på salmobreed.no.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.