Kultur | 28. apr. 2012

Viste venegjengen

Utdrikkingslag på vårsleppet: Veronica Helen Kårbø tok utfordringa på strak arm då venegjengen kommanderte ho på catwalken.

Viste venegjengen
Veronica Helen Kårbø på utdrikkingslag stor for eit friskt innslag under dagens moteshow på Osøyro. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 28. apr. 2012 13:12

Bildeserie:

Pink Disease med rock og mjuk avrunding i form av blues.  (Foto: KVB)
Pink Disease med rock og mjuk avrunding i form av blues. (Foto: KVB)
Halhjem Switch skatepark rigga seg til på Øyro.  (Foto: KVB)
Halhjem Switch skatepark rigga seg til på Øyro. (Foto: KVB)
Gutta boys.  (Foto: KVB)
Gutta boys. (Foto: KVB)
Så starta moteshowet.  (Foto: KVB)
Så starta moteshowet. (Foto: KVB)
Kultursjef Lisbeth Axelsen i vinden. (Foto: KVB)
Kultursjef Lisbeth Axelsen i vinden. (Foto: KVB)
Joakim Bjørnevik viste klede for Instinct.  (Foto: KVB)
Joakim Bjørnevik viste klede for Instinct. (Foto: KVB)
Så var det Ondt i Hode sin tur. (Foto: KVB)
Så var det Ondt i Hode sin tur. (Foto: KVB)
Oppvising av Os Swingklubb.  (Foto: KVB)
Oppvising av Os Swingklubb. (Foto: KVB)
Også i hamna var det luftige svev.  (Foto: KVB)
Også i hamna var det luftige svev. (Foto: KVB)
Livleg på gjestebrygga.  (Foto: KVB)
Livleg på gjestebrygga. (Foto: KVB)
1 av 10

I dag er det vårslepp i Os sentrum og fleire aktivitetar både på Øyro og i hamna.

Dagen bles for alvor i gang då rockebandet Pink Disease spreidde det mørke bodskap ut av høgtalarane på torget frå klokka 12.

– Dette ligg an til å bli ein veldig god dag. Mykje folk og strålande vêr, seier leiar i Os Sentrum, Geir Amundsen nøgd.

Kommandert på catwalken

Dei runda så av med litt roleg blues før moteshowet tok til. Moteshowet blei innleia av Veronica Helen Kårbø, som er på utdrikkingslag.

Ho såg ut som om ho har vore på catwalken før.

Etterpå var det Ondt i Hode som overtok scenen.

Fleire nye dykkarar

Parallelt var det livleg i hamna med kajakk, dykking og vassjetkjøring.

– Vi har hatt veldig godt besøk og fleire folk har prøvd å dykka i tanken, fortel Bjørn Tore Bøhmer frå Os Dykkerklubb.

Elias var også med, men han hadde havarert. At den populære redningsbåten sto på land så ungane kunne klatra om bord såg ikkje ut til å legga nokon dempar på stemninga.

Swinga seg for Fjellheim

På scenen i sentrum blei det etterkvart Os Swingklubb sin tur.

Dei slo eit slag for Bevar Fjellheim-aksjonen, som i dag opna utstilling i vindauget utanfor Drageset-huset.

Midtsiden kjem tilbake med video og meir om dagens vårslepp.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.