Emilie Christensen kunne smile etter å ha tatt sølv i sitt første senior-VM i handball (privat foto)

VM-sølv til Emilie

Fest i Oshallen: Os traff der Noreg bomma.

image
image
image
image
image
image
Av: Andris Hamre

Omlag 150 handballentusiaster tok turen til Oshallen då Os håndball viste VM-finalen på ein gedigen storskjerm på 10x6 meter. 

– Dette er heilt rått, kommenterte tidlegare herrespelar Ove Lyssand.

Og ei rå oppleving blei det. Trass i at Noreg sleit med den franske taktikken, kor dei dro ned tempoet, så helt Os-publikummet trøkket oppe og heia det dei kunne. Også sjølv om deira eiga Emilie Christensen aldri fekk sjansen til å visa seg fram på banen.

– Dette blei knallbra. Litt skuffa over at det ikkje var fleire som kom må eg få seie at eg er, men dette frister absolutt å gjera igjen, seier Rebecca Lerch Dahl, styreleiar i Os Håndball.

– Stemninga var på topp og ungane var kjempeflinke til å heie. Eg er så utruleg stolt over dugnadsinnsatsen i klubben. Det at vi klarer få til eit så flott arrangement på så kort tid er berre fantastisk. Eg må få takke alle som har hjelpt oss med å få dette til, stråler Lerch Dahl.

Sjølv om dette var debuten på A-landslaget for Emilie Christensen i eit meisterskap, så har ho faktisk medalje i handball-VM frå før også. I 2010 var ho nemleg med då junior-landslaget, som i dag, tok sølv i VM.

Frankrike – Norge 23-21 (11-10)

Håndball-VM kvinner i Hamburg, Tyskland søndag, finale. 11.261 tilskuere. Dommere: Line Hansen/Carina Christiansen, Danmark.

Norge: Katrine Lunde, Kari Aalvik Grimsbø, Silje Solberg – Emilie Hegh Arntzen, Veronica Kristiansen 7, Stine Skogrand, Heidi Løke 3, Vilde Mortensen Ingstad, Nora Mørk 7, Stine Bredal Oftedal 1, Kari Brattset 2, Emilie Christensen, Amanda Kurtovic, Camilla Herrem, Sanna Solberg 1, Marit Røsberg Jacobsen.

Toppscorere Frankrike: Allison Pineu og Manon Houette 4.

Utvisninger: Frankrike 4 x 2 min., Norge 1 x 2 min.