Lokal | 15. apr. 2014

Vurderer el-bil-boom i Os

Kommunen vurderer å skifte ut store deler av den kommunale bilparken til el-bilar. Har kjøpt to bilar for prøvedrift.

Vurderer el-bil-boom i Os
Det kan bli fleire kommunale el-bilar på vegen om innkjøpsstrategien blir ein realitet (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 15. apr. 2014 08:39

I samband med budsjetthandsaminga i desember ba politikarane om ein innkjøpsstrategi for el-bilar i Os kommune. I formannskapet tysdag kom administrasjonen tilbake med svaret. Dei har satt igang eit prøveprosjekt med to nyinnkjøpte elbilar for å få erfaring med desse.

– Heimesjukepleien skal skifta ut 11 av 14 leasingbilar 1/1 2015. Det er viktig å få prøvd ut om elbilar kan erstatta nokre av desse med tanke på køyrelengd og framkommelegheit, skriv Sivert Smedsvik i saksutgreiinga.

Litt skeptiske

Kommunen har i dag 8 hybridbilar (Toyota Yaris og Prius) i leasingporteføljen.

Både Espen Aspenes (Frp) og Kristin Haukeland (Ap) satte pris på administrasjonen si satsing, men var likevel litt usikre på om det er rett veg å gå.

– Det er bra å sats på elbil, men innstillinga er litt einsidig. Det har den seinare tida vore fleire og fleire artiklar om livsløpet på el-bilar og hybridbilar versus tradisjonelle bilar.

– Det har blitt litt mykje halleluja omkring el-bilar, det kan vera greitt å samstundes sjå litt nærare på levetida, påpeika Aspenes.

Haukeland, som òg arbeidar i heimetenesta var skeptisk til å nytta el-bilar i ei 24-timersteneste.

– Det kan vera litt uheldig å basera drifta i heimesjukepleien på el-bilar kor vi er på hjul 24 timer i døgnet.

– Kan el-bilane gå to skift på rad. Det hadde kanskje vore betre å nytte desse i ei eining som berre har dagdrift, påpeika Haukeland.

Også eit økonomisk spørsmål

Dei to el-bilane kommunen no har kjøpt kostar 195 000 kroner pluss mva kvar.

– Strategien er å prøva dei ut på fleire einingar.

– Bergen kommune har prøvd el-bilar i heimesjukepleien. Vi ønskjer å gjera eigne erfaringar.

– Om det visar seg at vi må kjøpe to el-bilar for å dekkje det ein hybridbil kan gjera i ei døgnbasert teneste, så vil det påvirka økonomien, påpeika rådmann Knut Terje Rekve.

Vil ha fleire ladepunkt

Ein som ønska satsinga velkommen var Jon Sivert Rykkel (V).

– Eg er veldig nøgd med at vi går igang med dette. Det er spennande å sjå korleis vi kan vidareutvikla dette.

– Det er på høg tid når vi ser satsinga i Oslo kommune, kor dei nyttar 50 millionar i året på el-bilar.

– Når det gjeld skepsisen til driftstid, så har teknologien utvikla seg mykje, mellomanna med hurtigladarar, påpeika Rykkel.

Nettopp nye ladepunkt var òg noko Smedsvik påpeika i saksutgreiinga, kor han ser for seg fem nye ladepunkt i sentrum, fem ved Luranetunet og eit ikkje talfesta ladepunkt på utvalde kommunale bygg.

– Vi har vore i kontakt med Hordaland Fylkeskommune, som innan kort tid vil åpne for ny runde med støtteordningar til utbygging av fleire ladestasjoner. Dette tilskotet vil kunne dekke sjølve kostnaden med ladestasjonane me har sett på, men kostnader med tilrettelegging og montering må vi ta sjølv, skriv Smedsvik som innan kort tid vil senda ein søknad til fylkeskommunen om støtte.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.