Lokal | 13. okt. 2017

Vurderer nye søk

Politiet vurderer nye søk etter Alexander Holsen. Har etterlyst han internasjonalt.

Vurderer nye søk
Politiet vil i løpet av dagen vurdere om dei skal starte nye søk i terrenget etter den sakna 29-åringen frå Os (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamrefredag 13. okt. 2017 07:32

Politiet held fram med full styrke i søket etter sakna Alexander Holsen (29).

– Vi har no gått ut med etterlysning også internasjonalt for å gå enno breiare ut. Vi jobber iherdig med å skaffe mest mogleg opplysningar og ber framleis folk som har tips eller observasjoner, også lengre bak i tid, om å kontakta oss, seier lensmann Oddbjørn Dyrdal.

Politiet sin tipstelefon er 480 02 480.

Kan bli nye søk

Dyrdal fortel at dei i løpet av dagen vil gjera nye vurderingar på om dei skal iverksette søk i terrenget igjen.

– Vi vurderer å trappe opp søk i teiger på nytt. Det er frustrerande og ubehageleg å ikkje komma vidare. Vi gjer alt vi kan for å finna den sakna. Det er mange av medarbeidarane mine som bruker mykje tid på å saka, vi har ekstra ressurser på den.

– Den sakna var ikkje del av eit belasta miljø, verken kriminelt eller rus. Det er noko av det som gjer saken spesiell, det er inga grunn til at han skulle ville gøyma seg eller halde seg skjult.

– Når du seier de vurderar nye søk, vil de då kalle inn Røde Kors og andre frivillige igjen?

– Det kan bli aktuelt. Då vil i såfall saka ha gått over i eit nytt spor, kor vi søkjer etter antatt omkommet person. Om han er ute, så er vêret med regn og låg temperatur ei utfordring. Vurderinga om vi skal starte søk i terrenget vil vi ta i løpet av dagen, avslutter lensmannen.

Alexander Holsen er 168 cm høg, har normal kroppsbygning, kort, mørkeblondt hår og lys hud.

Det er ikkje kjent kva han var kledd i da han forsvann, men Holsen går ofte med lue, blå ytterjakke, tynn strikkegenser, grå eller sort joggebukse, og svarte eller kvite joggesko. Han kan ha gått med solbriller.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.