Sport | 05. des. 2017

Walberg klar for Lysekloster

Lysekloster forsterkar med OBOS-spelar frå Fana.

Walberg klar for Lysekloster
Mats Walberg signerte i dag for Lysekloster (foto: Lysekloster IL)
Andris Hamretirsdag 05. des. 2017 19:29

Lysekloster signerte i dag med Mats Walberg.

– Det er ei kanonsignering. Han har spelt på høgt nivå og er ein god tilvekst, seier sportsleg leiar Svein Kollen.

Walberg er 25 år og kjem frå Fana. Han starta si karriere i Gneist, før vegen vidare gjekk til Brann, Fana, kor han spelte 70 a-lagskampar, vidare til OBOS-klubben Bærum før han igjen spelte på vestlandet for Nest Sotra kor han fekk 39 kampar.

Flytta heim

Han har den siste sesongen spelt for den færøyske klubben Tvøroyrar Bóltfelag (TB). Han flytta i haust heim til Bergen for å ta fatt på vidare utdanning ved UiB.

– Det var ingen som visste at han var kome heim igjen, fortel Kollen.

– Korleis fekk de vita det då?

– Han trente litt med oss i vinter før han reiste til Færøyene, så vi kjente til han.

Walberg er motivert for fotball og vil vera eit viktig tilskot på midtbanen til Lysekloster.

– Alle tipper vi skal rykka opp. Skal vi klare det, så må vi svara på overgangsmarkedet, avsluttar Kollen.

Walberg har signert eittårskontrakt med Lysekloster.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.