Workshop: Lær Flamenco!

Selene Muñoz

Kjenner du også dansefoten tingle når flamencorytmane dreg i deg på ferie? 
Laurdag 2. juni  blir det åpen danseworkshop med den legendariske Selene Muños. Ho går gjennom nokre av dei ulike rytmane og teknikkane i flamenco, pusteteknikk og bevegelse. Saman med god flamencomusikk, sjølvsagt.
 
Nivå/alder: Teens/vaksne - alle nivå.
Tidspunkt: Laurdag 2. juni kl. 10:00 - 12:00
Stad: Oseana, Vargasalen
Kursavgift: kr. 450,-  for deg som har billett til kveldens forestilling Jazz´n Rythm / kr. 550,- for alle andre
 
Kveldens forestilling med Selene Muñoz, Jazz´n Rythm finn du her: http://www.oseana.no/nb/festspillene-i-bergen-jazzn-rhythm
 
Påmelding med namn, telefonnummer og adresse innan 28/5 til Berit Steen, berit@oseana.no, eller SMS til 916 84 128
 
Dansk-spansk dansar og koreograf.

Selene begynte å danse allereie då ho berre var tre år gamal. Som 14-åring begynte ho på Flamenco Akademiet “Amor de Dios” og seinare Royal Conservatory of Dance i Madrid.
Selene har opptrådd over heile verda, m.a. på the Guggenheim Museum i New York, World Expo i Shanghai, Reina Sofia Museum i Madrid, SUMA Flamenca, David Tower i Jerusalem, FIB – Festspillene i Bergen, Louisiana Museum i Danmark, Tchaikovsky Concert Hall i Moskva, mm.
Ho har samarbeida med store dansekompani, og vunne fleire prisar. Klikk deg inn her om du vil lese meir om henne: http://www.selenemunoz.com/
 
Sagt om Selene Muños:
“The very flexible Selene Muñoz danced “Matrix”-like, and kept the audience spellbound”(The New York Times)
 
“Selene represents to perfection the stamp of a finely tuned aesthetic dancer ” Roger Salas (ElPais)
 
“Her remarkable timing and agility make her highly stylised and varied choreographies thrilling”Justine Bayod (Dance Europe)
 
“The innovation, elegance, and class that Selene shows in her dancing complement perfectly”Mercedes Gigosos (LaRepúblicaCultural)
 
 
 

Lørdag, juni 2, 2018 - 10:00