
WT-gallaen på 12 minutt
- Vi tar Amanda-utdelinga og så gjer vi det skikkeleg, seier Espen Hjertaas om WT sin galla.
Laurdag kveld blei filmfestivalen runda av med galla og prisutdeling, og det var ikkje berre den raude løparen som var på plass.
Konfransier Jan Helge Corneliussen styrte med sin lune humor salen til å sitja med eit glis frå pris til pris.
At WT-gjengen også har med seg så dyktige musikarar, med vokalistane Stine Kobbeltvedt og Marita Hjelle Salbu i spissen, set verkeleg sitt preg på utdelinga. Ikkje minst for den utanlandske, engelsktalande delen av publikum, vil vi tru.
Med 60-talet som tema passa det dessutan godt innslaga med fire dansarar frå Os Swingklubb.
Video: Gallaen på 12 minutt. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kommentarer
Tips midtsiden.no
Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11
© 2012 midtsiden.no