Kultur | 01. okt. 2014

Yngre krefter på Galleri Oz

Det sto mellom å leggja ned eller å få inn nytt blod i Galleri Oz. Ny medeigar gjer at galleriet i det gamle kommunehuset lever vidare og i helga var det opning av ny utstilling.

Yngre krefter på Galleri Oz
Turid Parmann (til venstre) saman med den nye medeigaren av Galleri Oz Sonya Snyder. (Foto: KML)
Kari M. Lyssandonsdag 01. okt. 2014 06:56

Turid Parmann hadde gjeve seg sjølv frist til 1. oktober for å skaffa seg ein medeigar til Galleri Oz. Viss ikkje kom ho til å leggja ned galleriet ved årsskiftet.

– Tidlegare har vi vore 3-4 personar som har drive galleriet, men sidan oktober 2013 har eg vore åleine her, fortel Parmann.

Å driva galleriet åleine, i tillegg til sin eigen jobb som tekstilkunstnar, blei for mykje for 67-åringen, og ho ønska å få inn yngre krefter.

– Eg veit kor viktig det er å ha ein stad de kunstnarar kan få selja tinga sine, og sidan vi berre har vore eldre personar tidlegare hadde eg eit ønske om å få tak i nokon yngre så galleriet fekk ei framtid.

Frå Singapore til Os

Parmann blei tipsa om kunstnaren Sonya Snyder, som hadde flytta til Haugland for eit år sidan. Sonya, som opprinneleg er frå USA, er utdanna grafisk designer og billetkunstnar.

Det var kjærleiken som fekk Sonya til å flytta til Noreg i 1997. Frå 2008 til 2013 har familien budd i Singapore på grunn av mannen sitt arbeid.

– Grunnen til at vi valde Os var at mannen min, Ole Jacob Irgens, jobbar på Rolls Royce og vi har tilknytning her gjennom familien sin landstad i på Innerøya.

Her trivst dei veldig godt og Sonya synest folk er meir amerikanske her enn i byen.

– Her kom dei med sjokolade på døra for å ønska oss velkomen, i Bergen kjente eg ikkje naboane.

Vil starta malekurs

Laurdag hadde Galleri Oz opning av Sonya si første utstilling i sitt eige galleri. Maleria er både i frå tida ho budde i Singapore og etter at ho kom til Noreg.

– Maleria mine frå Singapore er tydeleg påverka av det asiatiske, medan i maleria frå Noreg kan ein sjå ei endring i stemninga, her er det isbrear og isgrotter som er inspirasjonen.

Opningshelga var vellykka og utstillinga kjem til å stå til midten av november. Sonya har ein del idear ho tenkjer å gjennomføra som gallerimedeigar.

– Eg har lyst å få i gang malekurs for vaksne og born og kanskje ein juleverkstad.

– Turid har vore bevisst på at ho ønska nokon yngre inn som eigar for å få inn nye idear og impulsar, og det håper eg å få vist i juleutstillinga, fortel Sonya, som trivst veldig godt med sitt nye liv i Os.


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.