Sport | 22. mars 2015

Yngstemann og nest best i verda

– Det viktigaste var å sikra medaljane, seier Sverre. I helga tok han to 2. plassar samanlagt og håva inn to solide pengepremiar.

Yngstemann og nest best i verda
Sverre Lunde Pedersen, her under verdscupen i Berlin i desember, der han tok to 2. plassar. (Foto: Sander Hvammen)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 22. mars 2015 22:36

Fanaløpar Sverre Lunde Pedersen frå Os kan sjå tilbake på sin beste sesong nokosinne.

Personlege rekordar, banerekordar, VM-bronse i allround, to NM-gull og 4. plass i EM blir toppa av heile seks turar på pallen i verdscupen og 2. plass samanlagt både på 1500 og 5000 meter.

– Formen har vore jamn og god heile sesongen, det var eigentleg berre i verdscupopninga i Japan at eg kjente at formen ikkje sat, seier Sverre etter den fantastiske sesongavslutninga i helga.

I Japan blei det 8. og 10. plass. I neste verdscup helga etter blei det banerekord og verdscupsiger på 1500 meter i Seoul.

2 x 2 andreplassar

Sverre kom laurdag på 2. plass på 5000 meter og andreplassen samanlagt sto seg etter siste cup på distansen.

Søndag tok han 2. plass på 1500 meter, og passerte verdscupleiar Kjeld Nuis. Både han sjølv og NRK-kommentatorane trudde at samanlagtsigeren var i boks, men det blir gjeve 150 og ikkje 100 poeng til vinnaren i sesongavslutninga, dermed tok vinnaren på distansen Denny Morrison samanlagtsigeren.

Ferie med over 180.000 kroner på bok

Med god plassering i verdscupsamandraget ventar det også pengepremiar, 15.000 dollar til vinnaren og 10.000 dollar til 2. plass.

– No blir det ferie og eigentrening fram til 1. mai. Det blir godt å koma heim til venar og familie nokre veker no, seier Sverre.

– Er det noko som står på ønskjelista etter god innkassering i helga?

– He, he! Nei, ikkje noko spesielt. Eg blir ikkje rik av å vera skøyteløpar, men er veldig glad for sponinga frå OBOS, og det hjelper godt på med desse fine pengepremiane, seier Sverre etter sin tredje sesong som senior.

Yngstemann blant verdscupdeltakarane på mellom- og langdistanse er også den nest beste på 1500- og 5000-meteren.

– I neste oppkjøringsperiode held vi fram med suksessoppskrifta, men vi får ta nokre små justeringar så kanskje det går endå betre neste år, seier Sverre på telefon frå tyske Erfurt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.