Sport | 20. des. 2014

Yngstemann på A-laget

Øystein Takle Eide var førsteårsjunior i år og har no gått frå Os til A-kontrakt med Lysekloster.

Yngstemann på A-laget
Øystein Takle Eide spelte for Os 2 i år. I 2015 er han i Lysekloster sin A-stall. (Foto: Dagfinn Breivik, Lysekloster IL)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 20. des. 2014 08:15

Øystein Takle Eide har fått kontrakt med Lysekloster og går no inn som yngstemann på A-laget.

– Vi har 20 spelarar no og kjem nok opp i 22 før sesongstart. Øystein har trent med oss i rundt ein månad og han er verkeleg ein vi har tru på, seier trenar Ørjan Sandal.

– Øystein er ekstremt rask og har i tillegg god ballbehandling i høg fart, speler veldig aggressivt og viser stor treningsvilje.

– God arena for andre unge

To år eldre Preben Skorpen har allerie hatt to gode sesongar i 3. divisjon med eit lag som landa på 2. og 3. plass dei to åra.

Skorpen har vist seg å, i tillegg til å gjera jobben sin i forsvar, vera både målfarleg og ein markant spelar. Fleire gongar denne sesongen blei han kåra til banens beste.

– Når vi får dei rette ungdomane inn så får dei tillit på lik linje med dei eldre, og vi ser at vi er ein god arena for unge talent. Etter berre ein månad med seniorar ser vi allereie at Øystein har gjort seg sine erfaringar, spesielt strategisk.

– Han er ein kantspelar og det er på kant vi vil bruka han, seier Sandal.

Lysekloster mister ein annan ung spelar, Stefan M. Bernsen, som har slete ein del med skadar det siste året og som no skal i militæret.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.